Nakkestøyt (18.07.2023)
Written by ersystopo (Erlend Råheim)
Ascents | Fagersetnøse (1,462m) | 18.07.2023 |
---|---|---|
Stornakken (1,434m) | 18.07.2023 | |
Tverrnakken (1,504m) | 18.07.2023 | |
Tverrnakken Sør (1,472m) | 18.07.2023 | |
Veslenakken (1,471m) | 18.07.2023 | |
Vest for Stornakken (1,368m) | 18.07.2023 |
Vegen opp i Nakkeheimen er stengd med ein bom med sopass krasse oppslag at ein kan tru at nokon helst hadde sett for seg eit allment ferdsleforbod. Slikt bit ikkje på meg, men høgdemetrane beit godt, og nokre stader var det ikkje nok med krabbegir for å halde pulsen nede. Oppe på kammen slår det meg at om du vil betale for å liggje i ein landskapsskjemmande plastkuppel - då er du velkomen uavhengig av framkomstmiddel. Det vel eg å ikkje henge meg opp i.
Gøyme sykkel, opp på Fagersetnøse via ryggen frå vest.
Det går raskt opp på Tverrnakken sørtopp.
Opp på Stornakken er det litt brattare. Her kan ein studere dei minst tilgjengelege delane av fjella mellom Vangsmjøse og Bygdin, med mareritt-nedtappa Steinbusjøen i framgrunnen, Zappfe sitert i bildetekst;
Stornakken har ein vesttopp (kriterium >= 50 m PF, sjølvsagt). Nedanfor driv tamreinen kvilelaust i kring.
So sto det att å krysse over til Veslenakken.
Ned til sykkel. Mykje bremsing. Sprutregn ved E16.
User comments