Songesandheia frå Sunnmorkhølen (23.06.2023)
Skrevet av Kaare_70
Bestigninger | Kåsaknuden (566moh) | 23.06.2023 |
---|---|---|
Songesandheia (584moh) | 23.06.2023 |
Første morgonen i Sunnmorkhølen vakna me til perlevêr, og etter ein lat start med god utefrukost var me av gårde mot Songesandheia i 1130-tida. Me gjekk sjølvsagt innom den maleriske Songesandstølen der det må ha vore mange minneverdige somrar opp gjennom generasjonane.
Me følgte nødlingar opp ryggen sør for Stølatjødna og lett opp på 584-toppen, der det var eineståande utsikt over Lysefjorden og beint ned mot Songesand. Her måtte det til ein liten matpause drygt timen etter turstart. Vegen 1,2 km vidare vestover ryggen til 566-toppen gjekk greit sør om Longatjødna og forbi eit par mindre dalsøkk. Me mistenkte at det kunne vera verd å gå heilt vest og kanskje få utsikt beint ned mot Bakken, og det viste seg å holda stikk. Wow-faktoren var høg med utsikt til både Bakken, Myra, Bratteli og ut heile Lysefjorden. Hit ut brukte me ein times tid frå 584-toppen, inkludert matpausen der.




Tilbaketuren gjekk nord for Longatjødna, men ellers same veg, og snaut 4 timar etter turstart var me tilbake i Sunnmorkhølen. Eg hadde trudd at Songesandheia skulle vera meir berørt av mastene og kraftlinjene, men det var eigentleg bare lengst vest dei gjorde noko særleg av seg, og då aller mest fjordspennet frå Sjohadlet.
Om kvelden tok eg meg ein sving nord i hølen der det låg ein båt oppdregen, og dessutan opp på knausen aust for hytta. Ellers vart det strekk på brygga og slaraffenliv i sola til ho gjekk ned bak Kuhaugen kl. 2015 denne midtsommarkvelden.

Andre morgonen opprann like fin, og då var det å pakka seg ut etter frukosten og returnera til bilen ved Kåsastølen. Turen tilbake gjekk på snaut 3 ½ timar medrekna ein mat- og badepause i vestenden av Kvednavatnet.
Kommentarer