Songesandheia frå Sunnmorkhølen (23.06.2023)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Kåsaknuden (566m) 23.06.2023
Songesandheia (584m) 23.06.2023

Første morgonen i Sunnmorkhølen vakna me til perlevêr, og etter ein lat start med god utefrukost var me av gårde mot Songesandheia i 1130-tida. Me gjekk sjølvsagt innom den maleriske Songesandstølen der det må ha vore mange minneverdige somrar opp gjennom generasjonane.

Herleg midtsommarfrukost i Sunnmorkhølen!
Herleg midtsommarfrukost i Sunnmorkhølen!
Øvste hytta på Songesandstølen
Øvste hytta på Songesandstølen
Nederste hytta og utsikt ut Skurvedalen
Nederste hytta og utsikt ut Skurvedalen
Ved utløpet av Stølatjødna med tilbakeblikk på stølen med dei tre hyttene
Ved utløpet av Stølatjødna med tilbakeblikk på stølen med dei tre hyttene

Me følgte nødlingar opp ryggen sør for Stølatjødna og lett opp på 584-toppen, der det var eineståande utsikt over Lysefjorden og beint ned mot Songesand. Her måtte det til ein liten matpause drygt timen etter turstart. Vegen 1,2 km vidare vestover ryggen til 566-toppen gjekk greit sør om Longatjødna og forbi eit par mindre dalsøkk. Me mistenkte at det kunne vera verd å gå heilt vest og kanskje få utsikt beint ned mot Bakken, og det viste seg å holda stikk. Wow-faktoren var høg med utsikt til både Bakken, Myra, Bratteli og ut heile Lysefjorden. Hit ut brukte me ein times tid frå 584-toppen, inkludert matpausen der.

I fint driv mot Songesandheia, her med Beinafjellet og Hardhausen som dominerande toppar
I fint driv mot Songesandheia, her med Beinafjellet og Hardhausen som dominerande toppar
Høgare oppe kjem Leitebakktjødna til syne. Me ser óg tilbake til Stølatjødna med Songesandstølen og Sunnmorkvatnet med Sunnmork-garden heilt bakerst
Høgare oppe kjem Leitebakktjødna til syne. Me ser óg tilbake til Stølatjødna med Songesandstølen og Sunnmorkvatnet med Sunnmork-garden heilt bakerst
Ved Lidvarstjødna på Songesandheia
Ved Lidvarstjødna på Songesandheia
Ved Longatjødna med Nordafjellet på andre sida av Skurvedalen i bakgrunnen
Ved Longatjødna med Nordafjellet på andre sida av Skurvedalen i bakgrunnen
På 584-toppen åpnar det seg eineståande utsikt over Lysefjorden, her mot Kallali, Flørli og heilt inn til Kjerag, men óg beint ned til Songesand
På 584-toppen åpnar det seg eineståande utsikt over Lysefjorden, her mot Kallali, Flørli og heilt inn til Kjerag, men óg beint ned til Songesand
Frå same staden med utsikt utover og jamvel beint ned til Songesand kai
Frå same staden med utsikt utover og jamvel beint ned til Songesand kai
Utsikt ut heile Songesandheia med Lomstjødna og Stemtjødna, og med kraftlinjene som kjem opp frå Songesand
Utsikt ut heile Songesandheia med Lomstjødna og Stemtjødna, og med kraftlinjene som kjem opp frå Songesand
Idyll ved Longatjødna
Idyll ved Longatjødna
På kanten mot Skurvedalen ser me beint ned i Paradis (Skurvedalstjødna). Dei dominerande toppane er Kuhaugen, Åsliknuten og Hardhausen
På kanten mot Skurvedalen ser me beint ned i Paradis (Skurvedalstjødna). Dei dominerande toppane er Kuhaugen, Åsliknuten og Hardhausen
Straks på 566-toppen med tilbakeblikk austover heia
Straks på 566-toppen med tilbakeblikk austover heia
Fornøgd på 566-toppen, Kåsaknuten!
Fornøgd på 566-toppen, Kåsaknuten!
Heilt vest på heia får me kjempeutsikt ned til Bakken og ut fjorden
Heilt vest på heia får me kjempeutsikt ned til Bakken og ut fjorden
Fjordspennet over Lysefjorden forar svoltne Nord-Jæren med straum frå Lysebotn
Fjordspennet over Lysefjorden forar svoltne Nord-Jæren med straum frå Lysebotn

Tilbaketuren gjekk nord for Longatjødna, men ellers same veg, og snaut 4 timar etter turstart var me tilbake i Sunnmorkhølen. Eg hadde trudd at Songesandheia skulle vera meir berørt av mastene og kraftlinjene, men det var eigentleg bare lengst vest dei gjorde noko særleg av seg, og då aller mest fjordspennet frå Sjohadlet.

Om kvelden tok eg meg ein sving nord i hølen der det låg ein båt oppdregen, og dessutan opp på knausen aust for hytta. Ellers vart det strekk på brygga og slaraffenliv i sola til ho gjekk ned bak Kuhaugen kl. 2015 denne midtsommarkvelden.

Slaraffenliv midtsommarkvelden på brygga
Slaraffenliv midtsommarkvelden på brygga
Frå knausen aust for hytta med utsikt nordover Sunnmorkhølen (nærast) og Sunnmorkvatnet under Åsliknuten. Det er ikkje farbart med båt mellom hølen og vatnet, og derfor er det båt begge stader
Frå knausen aust for hytta med utsikt nordover Sunnmorkhølen (nærast) og Sunnmorkvatnet under Åsliknuten. Det er ikkje farbart med båt mellom hølen og vatnet, og derfor er det båt begge stader

Andre morgonen opprann like fin, og då var det å pakka seg ut etter frukosten og returnera til bilen ved Kåsastølen. Turen tilbake gjekk på snaut 3 ½ timar medrekna ein mat- og badepause i vestenden av Kvednavatnet.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.