Oddaheia (11.10.2020)
Skrevet av kolla (Kolbjørn Tjessem)
Startsted | Nilsebudammen (720moh) |
---|---|
Sluttsted | Nilsebudammen (720moh) |
Turtype | Fjelltur |
Turlengde | 12t 00min |
Kart |
Bestigninger | Vest for Brokadalstjørna (930moh) | 11.10.2020 |
---|---|---|
Nord for Brokadalstjørna (930moh) | 11.10.2020 | |
Sør for Futevatnet (910moh) | 11.10.2020 | |
Vest for Nedra Sprongavatnet (985moh) | 11.10.2020 | |
Oddaheia (1050moh) | 11.10.2020 | |
Sandkleivheia (1139moh) | 11.10.2020 | |
Vest for Øvra Sprongavatnet (1034moh) | 11.10.2020 | |
Andre besøkte PBE'er | Storhiller (748moh) | 11.10.2020 |
For tida åpen veg med god standard frå Lysebotn til Nilsebudammen. Fulgte T-sti skilta mot Grasdalen langs vestsida av Nilsebuvatnet og Storhillervatnet og vidare nordover. Stien langs Storhillervatnet er nymerka og ennå lite synlig i terrenget. Ellers god sti. Sør for Brokadalstjørna gjer stien ein sving vestover, og der forlot eg stien og fortsatte rett fram langs høgspenttraseen på austsida av Brokadalstjørna. Runda tjørna i nordenden og gjekk over dei namnlause toppane mellom Brokadalstjørna og Futevatnet. Denne 910-toppen (913 på dei fleste kart) var tidligare usikker, men nye detaljkart med 1 m-koter i 2020 viser at den er pf 100.
Vidare austover til tjern 881, langs vestida av dette og så over til austsida av tjern 855. Her var det bratte og skumle svaberg med utsatt klyving, men kom meg heilskina forbi. Hvis ein kjem frå Grasdalen vil det vere greit å gå langs vest- og evt nordsida av 855-tjødna. Frå nordaustenden av 855-tjødna er det gode forhold med jamn bratt stigning langs bekken opp mot Oddaheia.
Etter pause på toppen bar det ned søraustryggen via 1034 og kryssa utløpsbekken i vestenden av Nedra Sprongavatnet. Så sørover i eit langsgåande skar, og vestover på det vide platået til Sandkleivheia. Det var overraskande nok to trigpunkter med jernbolt med ca 0,5 km avstand. Sola hadde gått ned og tok ikkje bilder her, men raska på vidare sørvestover og kom inn på T-stien igjen sør for Brokadalstjørna. Brukte då lommelykt på dei siste drøyt 7 km på stien tilbake til Nilsebudammen.
Anslår heile turen til minst 28 km korav ca halvparten på god T-sti. I avstand frå næraste bilveg er nok denne Oddaheia den mest avsidesliggande pf 100-toppen i Hjelmeland, så kjekt å få den i boks i heilmaks turvær denne sundagen.
Zoombilder frå Oddaheia
Kommentarer