Oddaheia (11.10.2020)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Nilsebudammen (720m)
Endpoint Nilsebudammen (720m)
Characteristic Hillwalk
Duration 12h 00min
Map
Ascents Vest for Brokadalstjørna (930m) 11.10.2020
Nord for Brokadalstjørna (930m) 11.10.2020
Sør for Futevatnet (910m) 11.10.2020
Vest for Nedra Sprongavatnet (985m) 11.10.2020
Oddaheia (1,050m) 11.10.2020
Sandkleivheia (1,139m) 11.10.2020
Vest for Øvra Sprongavatnet (1,034m) 11.10.2020
Visits of other PBEs Storhiller (748m) 11.10.2020

For tida åpen veg med god standard frå Lysebotn til Nilsebudammen. Fulgte T-sti skilta mot Grasdalen langs vestsida av Nilsebuvatnet og Storhillervatnet og vidare nordover. Stien langs Storhillervatnet er nymerka og ennå lite synlig i terrenget. Ellers god sti. Sør for Brokadalstjørna gjer stien ein sving vestover, og der forlot eg stien og fortsatte rett fram langs høgspenttraseen på austsida av Brokadalstjørna. Runda tjørna i nordenden og gjekk over dei namnlause toppane mellom Brokadalstjørna og Futevatnet. Denne 910-toppen (913 på dei fleste kart) var tidligare usikker, men nye detaljkart med 1 m-koter i 2020 viser at den er pf 100.
Vidare austover til tjern 881, langs vestida av dette og så over til austsida av tjern 855. Her var det bratte og skumle svaberg med utsatt klyving, men kom meg heilskina forbi. Hvis ein kjem frå Grasdalen vil det vere greit å gå langs vest- og evt nordsida av 855-tjødna. Frå nordaustenden av 855-tjødna er det gode forhold med jamn bratt stigning langs bekken opp mot Oddaheia.
Etter pause på toppen bar det ned søraustryggen via 1034 og kryssa utløpsbekken i vestenden av Nedra Sprongavatnet. Så sørover i eit langsgåande skar, og vestover på det vide platået til Sandkleivheia. Det var overraskande nok to trigpunkter med jernbolt med ca 0,5 km avstand. Sola hadde gått ned og tok ikkje bilder her, men raska på vidare sørvestover og kom inn på T-stien igjen sør for Brokadalstjørna. Brukte då lommelykt på dei siste drøyt 7 km på stien tilbake til Nilsebudammen.
Anslår heile turen til minst 28 km korav ca halvparten på god T-sti. I avstand frå næraste bilveg er nok denne Oddaheia den mest avsidesliggande pf 100-toppen i Hjelmeland, så kjekt å få den i boks i heilmaks turvær denne sundagen.

Speilblank morgon på Nilsebuvatnet. Ein ser inntaksvirvel i vatnet t.h.
Speilblank morgon på Nilsebuvatnet. Ein ser inntaksvirvel i vatnet t.h.
Ny bru over innløpsåna i vestenden av Storhillervatnet.
Ny bru over innløpsåna i vestenden av Storhillervatnet.
Storhiller som har ei hytte under skrå fjellvegg.
Storhiller som har ei hytte under skrå fjellvegg.
Idylliske Storhiller, men ligger i skygge om formiddagen.
Idylliske Storhiller, men ligger i skygge om formiddagen.
Brokadalstjørna med dei namnlause 930-toppane bak.
Brokadalstjørna med dei namnlause 930-toppane bak.
På den nordlige 930-toppen med litt av 910-toppen bak og Oddaheia i høgre bildehalvdel.
På den nordlige 930-toppen med litt av 910-toppen bak og Oddaheia i høgre bildehalvdel.
På 910-toppen sør for Futevatnet med Oddaheia i bakgrunnen.
På 910-toppen sør for Futevatnet med Oddaheia i bakgrunnen.
På same topp sett vestover mot Høyversknuten 959 i midten.
På same topp sett vestover mot Høyversknuten 959 i midten.
På utsiktspunkt mot Oddaheia og Grasdalen der turisthytta kan ses.
På utsiktspunkt mot Oddaheia og Grasdalen der turisthytta kan ses.
Nye fargerike høgspentmaster under oppføring i området.
Nye fargerike høgspentmaster under oppføring i området.
Fulgte dalføret i høgre bildehalvdel austover frå 910-toppen mot 881-tjernet.
Fulgte dalføret i høgre bildehalvdel austover frå 910-toppen mot 881-tjernet.
Frå 855-tjernet mot sørflanken av Oddaheia i bakgrunnen.
Frå 855-tjernet mot sørflanken av Oddaheia i bakgrunnen.
Varden på toppen av Oddaheia.
Varden på toppen av Oddaheia.
Sett austover.
Sett austover.
Sørover mot Lysekammen 1304.
Sørover mot Lysekammen 1304.
Nordover ser ein i det fjerne Skaulen, Napen og Såta i v. bildehalvdel. Snønuten er skjult.
Nordover ser ein i det fjerne Skaulen, Napen og Såta i v. bildehalvdel. Snønuten er skjult.

Zoombilder frå Oddaheia

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.