Salane på ski frå Målandsdalen (04.03.2020)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Salane (658moh) 04.03.2020

Nytt forsøk på Salane frå Boremyr under ganske andre forhold enn dagen før. Starta i sol og tilnærma vårvarme, men etter kvart skya det til, utan at det gjorde noko. Følgte spora mine frå dagen før og kom lett opp på Salane, som har flott utsikt mot Tysdalsvatnet og kjente toppar i både Holta- og Jørpelandsheia. Eg hadde ikkje all verdens tid, så det blei med denne eine toppen før retur same veg. Flott nedrenn til Prammaleitet og så langt det gjekk på traktorvegen. Om lag 2 ¼ timar på tur. Eg vil anslå snømengda i terrenget til 30-50 cm, med ein del synlege steinar.

Frå enden av traktorvegen med tilbakeblikk mot Målandsdalen og bl.a. Øvre Tysdalsvatnet
Frå enden av traktorvegen med tilbakeblikk mot Målandsdalen og bl.a. Øvre Tysdalsvatnet
Heilt andre forhold enn dagen før, her mot Prammafjellet frå enden av traktorvegen
Heilt andre forhold enn dagen før, her mot Prammafjellet frå enden av traktorvegen
Frå Prammaleitet mot Salane
Frå Prammaleitet mot Salane
Frå oppunder Salane med tilbakeblikk mot Prammafjellet og Husaheia med Målandsvatnet
Frå oppunder Salane med tilbakeblikk mot Prammafjellet og Husaheia med Målandsvatnet
På Salane med flott utsikt mot Reinaknuten og Rv. 13 ved Tysdalsvatnet
På Salane med flott utsikt mot Reinaknuten og Rv. 13 ved Tysdalsvatnet
Frå Salane mot Målandsdalen, med bl.a. Middagsåsen og Størnafjellet til venstre
Frå Salane mot Målandsdalen, med bl.a. Middagsåsen og Størnafjellet til venstre
Mot Rv. 13 ved Tysdalsvatnet. På den andre sida dominerer Lauvåsen og Almåsen
Mot Rv. 13 ved Tysdalsvatnet. På den andre sida dominerer Lauvåsen og Almåsen
Mot Krunefjell. Til høgre sjåast skogliene ved Liarvatnet
Mot Krunefjell. Til høgre sjåast skogliene ved Liarvatnet

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.