Snuen (03.03.2017)
Skrevet av mariusmeland (Marius Meland)
Startsted | Spåtind vinterparkering (886moh) |
---|---|
Sluttsted | Spåtind vinterparkering (884moh) |
Turtype | Fjellskitur |
Turlengde | 3t 58min |
Distanse | 15,7km |
Høydemeter | 375m |
GPS |
![]() ![]() |
Bestigninger | Snuen (1179moh) | 03.03.2017 13:08 |
---|---|---|
Andre besøkte PBE'er | Spåtind vinterparkering (875moh) | 03.03.2017 10:39 |
Årets første skikkelege topptur gjekk i litt for fint og tjukt pudder, men eg vart redda av eit scooterspor og at snøforholda vart enklare å ha med å gjere over skoggrensa.
Generelt vart det ein bra tur. Eg gjekk riktig nok glipp av herrestafetten i ski-VM. Men pytt pytt, slik er det når ein har mange goder å velje mellom :)
Turen gjekk i oppkøyrde spor opp til Oppsjøhytta, etterpå var det berre til å knalle eigne spor (dvs. litt scooterspor vart det opp til ca. 980 m.o.h.)
I følgje boka på toppen er eg årets første på Snuen :)
For dei som vil gå denne turen om vinteren, er det viktig å vere klar over at fv. 204 er vinterstengt, og at næraste startpunkt blir Spåtind vinterparkering.
Kommentarer