Snuen (03.03.2017)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Start point Spåtind vinterparkering (886m)
Endpoint Spåtind vinterparkering (884m)
Characteristic Backcountry skiing
Duration 3h 58min
Distance 15.7km
Vertical meters 375m
GPS
Ascents Snuen (1,179m) 03.03.2017 13:08
Visits of other PBEs Spåtind vinterparkering (875m) 03.03.2017 10:39

Årets første skikkelege topptur gjekk i litt for fint og tjukt pudder, men eg vart redda av eit scooterspor og at snøforholda vart enklare å ha med å gjere over skoggrensa.

Generelt vart det ein bra tur. Eg gjekk riktig nok glipp av herrestafetten i ski-VM. Men pytt pytt, slik er det når ein har mange goder å velje mellom :)

Turen gjekk i oppkøyrde spor opp til Oppsjøhytta, etterpå var det berre til å knalle eigne spor (dvs. litt scooterspor vart det opp til ca. 980 m.o.h.)

I følgje boka på toppen er eg årets første på Snuen :)

For dei som vil gå denne turen om vinteren, er det viktig å vere klar over at fv. 204 er vinterstengt, og at næraste startpunkt blir Spåtind vinterparkering.

Flott ver, scooterspor som redda turen, og Snuen lurer i bakgrunnen (til høgre).
Flott ver, scooterspor som redda turen, og Snuen lurer i bakgrunnen (til høgre).
No var det slutt på det mest krevande pudderet, og berre til å knalle på mot Snuen i bakgrunnen.
No var det slutt på det mest krevande pudderet, og berre til å knalle på mot Snuen i bakgrunnen.
Frå toppen. Synnfjorden i bakgrunnen.
Frå toppen. Synnfjorden i bakgrunnen.
Frå toppen. Synnfjell i bakgrunnen, trur vi ser Spåtind.
Frå toppen. Synnfjell i bakgrunnen, trur vi ser Spåtind.
Her ser vi Røssjøkollane, opp dit skal eg ein annan dag :)
Her ser vi Røssjøkollane, opp dit skal eg ein annan dag :)
Utsikt mot Langsua, toppar i Valdres m.m.
Utsikt mot Langsua, toppar i Valdres m.m.
Rondane lurer i det fjerne.
Rondane lurer i det fjerne.
Her ser vi mot både Dokkampen og Ormtjernkampen.
Her ser vi mot både Dokkampen og Ormtjernkampen.
Takk for denne gang, Snuen :)
Takk for denne gang, Snuen :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.