Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1778)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Skredfjellet
- Dato:
- 21.04.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:35t
- Distanse:
- 9,9km
Ein av årets Titur Indre Sunnfjord turlag. Eg håper at fleire finn glede i denne turen. Spesielt ruta opp til Skaret og at det ikkje vert for ille det siste stykket opp til toppen, ettersom det mangler ein god sti.
Tørt og fint å gå stort sett heile turen. Men det siste stykket frå Skaret og opp til toppen valte eg å gå litt lågare i terrenget for å unngå det avlange vatnet rett før toppen. Her er det litt myrete.
Havglimt - dagsturhytta Stadt
- Dato:
- 20.04.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:18t
- Distanse:
- 4,2km
Klepp, dagsturhytta Voss
- Dato:
- 18.04.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:10t
- Distanse:
- 4,9km
Etter besøket til Fjordsyn i Vaksdal, vurderte vi om vi skulle besøke ei dagsturhytte til og kva dagsturhytte det evt. skulle være. Vi landa til slutt på Voss. Vi køyrte langt opp i lia frå Voss sentrum og vidare over på bomveg. Der var det mogleg å parkere i enden av denne vegen.
Vegen opp til dagsturhytta var ei god blanding av steile bakkar og "heilt flatt". Men det var grusveg nesten heile vegen opp. Dei siste metrane var det lagt ut plankar.
Fin plassering av hytta, sjølv om eg kanskje kunne tenkt meg litt meir utsikt.
Fjordsyn - dagsturhytta i Vaksdal
- Dato:
- 18.04.2025
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:06t
- Distanse:
- 3,3km
Etter ei natt på flotte hotel Sandven, bar det vidare til Vaksdal og dagsturhytta der.
Vi parkerte ved badeplassen i Stanghelle og fulgte merkinga mot dagsturhytta. Litt sleipt vått i stien. Men hytta var fint plassert ikkje langt frå fjorden.
Vi var absolutt ikkje aleine. Dette er ein av dei hyttene som har hatt mest besøk mens vi har vore der. Det ser ut til å være ei populær hytte.
Kvilekroken
- Dato:
- 17.04.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 5,5km
Etter å ha sjekka inn på hotellet, køyrte vi opp mot parkeringsplassen.
Vegen opp til parkeringplassen er bomveg og relativt bratt oppover, så her anbefalast firhjulstrekk.
Frå parkeringsplassen er det nokre bratte kneikar, men ellers greitt å gå. Siste stykket gjorde at vi var glade for å ha sko som tåler litt vatn.
Fin plassering av dagsturhytta i Kvam.