Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Varlivatnet

Date:
12.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:17h
Distance:
14.3km

Tur med mannen til Varlivatnet. Ettersom det er lite snø i fjellet, tok eg sjansen på å besøke eit av Titurmåla med den lengste avstanden, Varlivatnet sammen med mannen. Han ville ikkje ha noko bratt tur, så eg tenkte at det var passande tur. Eg fann også ut at vi kunne kanskje ta ein tur oppom Varliegga eller Svartegrovfjellet Nord. Det eg ikkje tenkte nok på at det kunne være fare for mykje snø. Det starta greitt opp mot Vinddalsvatnet. Ruta er lettgått sjølv om det er ein del myrlendt. Etter kvart som vi kom opp til Vinddalsvatnet blei det snø. Og jammen minka det ikkje på veg opp til Varlivatnet. Snøen var nok ikkje like "hærleg" som turen til Krunene. Tendensar til påskeslush og for tungt føre for fottur. Frustrasjonen var til å ta og føle på på veg opp >>>

Halbrendsnipa

Date:
09.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:23h
Distance:
8.9km

Nesten ikkje snø. Nydeleg kveld.

Map    

Nasastølen og Indre Hjelmelandsstølen

Date:
08.04.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
1:11h
Distance:
4.5km

Map    

Solheimsstølen

Date:
07.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:11h
Distance:
3.9km

Rolig tur med mannen.

Map    

Krunene og Blåfjellet

Date:
06.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:24h
Distance:
13.4km

Nok ein nydeleg dag med påskefølelsen om bord. Eg har høyrt at det var mogleg å gå opp frå Tjønnelandsstølen og opp på ryggen mot Krunene. Så eg tenkte eg skulle teste om det gjekk. Og ja, det gjekk. Men er litt usikker på om eg gjekk rette ruta. Litt bratt og ukurant nokre stader, men ikkje verre enn at eg kom meg opp. Veldig greitt å følgje ryggen innover mot toppen. Snøen var så hard at det ikkje var noko problem å gå oppå utan broddar. Hærleg å ta ein pause ved varden med lunsjen før eg gjekk nedatt. På veg nedatt tok eg ikkje sjansen på at det skulle gå like bra ned mot Andersskaret, så då kom broddane på. Det var uansett fint å gå på snøen ned med broddane på og opp til Blåfjellet. Returen gjekk via Andersskaret og ned mot Tjønnelandsstølen.

Map    

Nova ved Senneset

Date:
05.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:25h
Distance:
9.9km

Map    

Bekkjavatnet rundt + Brulandsstølen

Date:
04.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
9.6km

Map    

Indrebøvarden

Date:
02.04.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h
Distance:
2.8km

Map    

Blåfjellet frå Massnes

Date:
30.03.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:55h
Distance:
6.8km

Etter det eg har forstått på ulike turbeskrivelsar, så skulle stien være umerka, men god. Stien er nok ikkje så mykje brukt at den er svært tydeleg alle stader. Etter kvart som eg kom meg oppover, var det tydeleg at det gjekk litt dyretråkk her og der. Brukte kartet litt for å kunne finne fram. På veg nedatt traff eg faktisk på nokre rosa merke, som mest truleg er av privat initiativ. Desse forsvann like fort som dei dukka opp og var berre eit lite stykke. (Mogleg det var lenger, men eg så det i alle fall ikkje. Nydeleg vær denne dagen. Slike dagar vil eg gjerne ha fleire av.

Map    

Nobbane

Date:
28.03.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:15h
Distance:
3.3km

Map