Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Hanekammen

Date:
20.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:24h
Distance:
14.6km

Hanekammen og Sørøst for Jostebotnen har vore på ønskjelista lenge. Her må timingen stemme med tanke på at det bør være klarvær og ikkje for seint på året. I dag låg alt til rette for ein tur opp til Hanekammen. Nydeleg vær og ikkje for mykje vind. Eg var litt i stuss om eg skulle bruke ski eller truger. Men sidan eg ikkje er noko racer på bratte bakkar, så valte eg å ta med trugene. Det viste seg å være eit greitt val, ettersom dei er litt lettare å ta i sekken enn skia. Eg måtte gå opp eit godt stykke mot Jostebotnen før eg kunne ta på trugene og hadde dei på eit godt stykke oppver. Tok av trugene det siste stykket før toppen av Hanekammen. Flott å nyte utsikta i prima vær. Ein liten lunsjpause på toppen før det bar vidare til toppen sørøst for Jostebotnen. >>>

Map    

Grøneheia og Silanipa

Date:
19.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:45h
Distance:
17.3km

Rundtur frå rasteplassen i Eikefjord. Gjekk mot Urarabben og vidare mot Knapstadstølane. Derfrå tok eg nesten samme ruta opp til Grøneheia. det var noko merkt, men ikkje nok til at det var enkelt å følge den merka ruta. Men eg kom opp uansett. Fann ut at eg ville ta ein tur til Silanipa ettersom eg hadde høyrt at det skulle være ein fin topp. Prøvde å hugse ruta eg gjekk første gongen eg var til Grøneheia, så det blei litt leiting etter ein god veg ned. Traff greitt på den merkte stien mot Silanipa etter at eg hadde komme ned. Og det var ikkje feil at det var fin utsikt derfrå. Eg tok sikte mot Knollane og prøved å halde meg litt i høgda. Der var det relativt lettgått og fint å gå. Flott panoramautsikt frå Knollane. Derfrå var det merkt sti ned til Eikefjordstøylen. >>>

Map    

Middagsfjellet og Sandalsfjellet

Date:
18.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:25h
Distance:
13.8km

Starta frå Trinta og fulgte stien opp Sveigen og deretter vidare opp til Middagsfjellet. vindfullt på turen og ikkje så fint som i går, men overkommelig med ei vindjakke. Ein liten stopp på Middagsfjellet for å ta bilder, så vidare til Sanddalsfjellet for ein liten stopp. Der kom det to på randoneski og eg konkluderte med at kontrasten var ganske stor ettersom eg kom med lave hikingsko. Tok sikte ned mot Støylsfjellet og vidare ned til Gjesdalsvatnet. Testa ut vatnet der og fann det rimelig kaldt og forfriskande. Det er ein flott badeplass med tanke på fin sandbunn. Etter badestoppet var det ned mot Søstestølen og vidare via Gjesdalsstølen og Trinta. På vegen nedover hadde eg ein liten stopp på Knolten då eg først var i gang.

Map    

Hafstadfjellet 17.mai

Date:
17.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
6.2km

Ettersom ungane er vaksne, så har eg nesten gjort det til ein tradisjon å ha ein tur ein eller annan topp i Førde før bunaden skal på og festen kan starte. Årets salutt i Førde var litt av det heftigaste laget. Heile huset rista første gangen. og gang nr 2 rista det enda meir. Dersom det var nokon i byggefeltet som ikkje var våken før, så vakna dei i alle fall kl 7.00. Flott og vindstille og fin temperatur ved Bekkjavatnet denne dagen. Tørt og fint i stien heilt opp. Ein liten stopp for fotografering før returen til Bekkjavatnet. Der fann eg eit berg der eg heiv meg uti vatnet for ein dukkert. Veldig fint og forfriskande og ikkje så kaldt som eg hadde venta. Ein finfin start på dagen. Då var det berre heim å få på seg finstasen før turen til Førde for å få med seg litt >>>

Map    

Steinkrossen

Date:
15.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:48h
Distance:
6.6km

Tur med kollegaer ved Førde vgs. kvar veke er det lagt inn ein tur med Førde vgs. Denne gongen vart det Steinkrossen med innlagt pause for bading i Kringlevatnet. Eg må innrømme at eg var litt skeptisk då eg såg det framleis var litt is på vatnet, men eg kunne ikkje vere verre enn to av kollegaene mine, så eg hoppa i det. Ja, det var kaldt og ja, det var godt å komme oppatt etter å ha vore uti, spesielt ettersom sola skein. Flott å sitte på toppen og berre nyte utsikta og sola. Vi kunne endå til sjå platform på Gjøafeltet. Absolutt ein fin tur.

Map    

Djupviknipa og Nordheia

Date:
13.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:57h
Distance:
3.7km

Tur med mannen min. Parkeringsplassen var nesten full og det er omtrent ei folkevandring opp på Nordheia og Djupviknipa. Fint solskinn, men noko vindfullt.

Map    

Tur ved St.Hanshaugen

Date:
10.05.2024
Characteristic:
Walk
Duration:
1:06h
Distance:
4.9km

Map    

Lillomarka

Date:
10.05.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:44h
Distance:
11.2km

Tok bussen opp til Solemskogen frå Storo. Flott solskinnsdag og flott å gå. Eg må innrømme at eg er mest glad i dei turane som har litt utsikt, men det kan likevel være greitt å gå ein tur på turar utan at det er så mykje utsikt også. Då eg kom tilbake til Solemskogen, hadde eg 20 minutt til bussen skulle gå, så eg starta å gå nedover og passerte ein liten topp til på vegen.

Map    

Viefjellet

Date:
06.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
7.3km

Det var planlagt tur med jobben i dag, men av ein eller annan grunn var det ingen andre som blei med på tur. Sidan eg hadde satt av tid til turen, tok eg den like godt aleine. Litt vind i dag, men fint og relativt tørt heilt frå Soleide og opp til Viafjellvarden. Litt blautare vidare frå varden og opp til toppen. På veg nedatt traff eg ein kollega som var litt seint ute, men god og svett.

Map    

Kvamsfjellet

Date:
05.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:04h
Distance:
13.9km

Varden midt i Sunnfjord er ein av Indre Sunnfjord turlag sine mål i årets Titur. Så då blei det tur dit og vidare opp til Kvamsfjellet og ned på andre sida. Like greitt å gjere turen til ein rundtur når eg først er i gang. Har aldri prøvd ruta frå Gjesdalen før, så eg var litt spent på korleis den var i forhold til dei andre rutene eg har hatt. Eigentleg ganske fint å gå, sjølv om det var litt snø her og der. Litt meir snø frå Varden og opp til Kvamsfjellet og vidare over og ned til Skibakken. Brukte dei nye Merrell-skoa og dei fungerte godt i dag også. Turen over Kvamsfjellet er merkt med raude prikkar i tillegg er terrenget greitt å gå i. Flott dag å velje denne turen på med sol, trass i nokre snøfenner.

Map