Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Erdalsstølen

Dato:
02.06.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:21t
Distanse:
6,0km

Kveldstur sammen med mannen før regnet kjem

Kart    

Smalerabben frå Førde

Dato:
01.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:16t
Distanse:
13,7km

Tur med kollegaer til Smalerabben. Testa ut ei anna rute enn vi gjekk sist. Fint å gå innover mot Lågeide og bratt opp på høgda. Dette gav mykje utsikt for innsatsen. Det er ei utfordring med høgda ned på begge sider over Smalerabben i alle fall for dei fleste. Det er ein spektakulær tur der høgdeskrekken vert utfordra. Her gjeld det å halde seg på beina og ikkje snuble. Litt vind gjorde at lunsjen måtte takast i le ved Veslerabben. Godt å sette seg ned for ein pause og nyte utsikta. Retur ned mot Berlevatnet og følge Nordsjøløypa tilbake til Førde og parkeringsplassen. Vi var godt fornøgd med turen som vart valt.

Kart    

Brandsøyåsen

Dato:
30.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
4,6km

Tok med mannen på tur. Vi fulgte den vanlege stien frå Torvmyrane skule. Men på veg nedatt testa vi ut ei rute eg ikkje hadde prøvd før. Denne hadde nok ikkje fullt så mykje trafikk som den stien som går opp. Men vi fekk ei litt anna utsikt. Flott å teste nye stiar.

Kart    

Alnakken - nesten

Dato:
29.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:36t
Distanse:
5,3km

Planen var Alnakken, men litt rot med manglande sti gjorde at vi kom opp ei ur utan at det var mogleg å komme opp. I tillegg var litt av turfølget ikkje heilt stødig på å klyve opp i ura, så då fann vi det ut at det var lurast å gjere ein kortare versjon av turen. Så får vi heller la Alnakken være eit turmål ved seinare høve. Fin tur blei det uansett om vi ikkje kom opp til toppen denne gongen.

Fureviksnipa, Skinnbroka og Fauskevarden

Dato:
27.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:08t
Distanse:
9,2km

Fin runde før regnet. Utsikta var fin på Fureviknipa og Skinnbroka, men då eg kom opp på Fauskevarden kom tåka kjapt på, så det var ikkje akkurat noko strålande utsikt der. Den letta like fort som den kom etter at eg hadde komme meg ned eit stykke. Jaja. Eg kan ikkje alltid få meg meg fine utsikter.

Kart    

Venevassegga og Rundenova

Dato:
26.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:07t
Distanse:
12,6km

Ny dag med finvær. Denne dagen var det ein del vind på toppane, men det var eigentleg berre hærleg med tanke på at gradestokken viste over 20 grader. Venevassegga var innsjekk på lista over titur for Indre Sunnfjord turlag. Det er lite snø i høgda, så no er det berre å ta for seg av toppar i Sunnfjord.

Kart    

Litjehesten

Dato:
25.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:47t
Distanse:
12,1km

Tur med min mann og min søster. Fint å gå no når det er så tørt i terrenget. Noko varmt å gå, men med litt vind, så hjalp det på. Gjekk via vesttoppen på Litlehesten før vi gjekk opp til østtoppen. Med so heite temperaturar i mai, så er det berre å teste ut vatnet. Det var vel eigentleg heilt til eg såg kor mykje is det var på vatnet. Historien skal ha det til at foreldra våre hadde hatt ein tur på Litjehesten og det var nydeleg varmt vær. Vatnet låg der og blenkte og far min skulle stupe uti vatnet. Det han ikkje såg var isen som låg på vatnet, så han kom fortare opp av vatnet enn nedi. For mitt vedkommande var det nok ganske tydeleg med is på vatnet og det var nok ikkje noko langdryg badetur, kun eit bar dypp før vi gjekk vidare. Hadde ein ny stopp i ei elv nærare >>>

Kart    

Kvamsfjellet

Dato:
24.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:12t
Distanse:
8,0km

Vi hadde eigentleg tenkt tur til Fauskevarden og Fureviknipa, men det frista lite då tåka låg tett nedover lia. Så då revurderte vi turmålet og fann ut at det var mindre tåke på Jølster. Søsteren ville ha ein tur på Varden - midt i Sunnfjord kommune, som er eit av titur til Indre Sunnfjord turlag i 2024. Køyrte opp vegen mot Bakkestølen og fulgte merka rute opp til Varden. Turen vart litt kort, så då blei det lettgått tur vidare til Kvamsfjellet. I motsetning til ein del andre toppar lenger vest, så hadde vi solskinn og fin utsikt mot Jølstravatnet. Nydeleg val av tur denn ettermiddagen.

Kart    

Flugestølen

Dato:
22.05.2024
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:06t
Distanse:
5,0km

Tur med mannen denne dagen.

Kart    

Blåane

Dato:
21.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:14t
Distanse:
4,4km

Hærleg tur med mannen denne ettermiddagen.

Kart