Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1855)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Bøheia
- Dato:
- 05.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 6,7km
Litt vel kaldt i indre, så då tok vi sjansen på å reise ut i ytre.
Parkerte i enden av Bøfeltet i Leirvika. Fulgte vegen oppover og over på sti. Litt krevjande å gå i dag på grunn av snø då det ikkje var like lett å sjå stien over alt. Brukte ut-appen og den fungerte glimrande. Flott utsikt over Sognefjorden frå toppen.
På grunn av at det ikkje er så frossen i bakken, kladda broddane godt på veg opp og nedatt. Så då vi var komen heilt nedatt såg eg at eg hadde klart å miste den eine brodden. Så då vart det å ta ein bonustur halvegs opp igjen. Eg fann brodden att, dei er grei å ha når det er glatt føre.
Nordheia og Djupviknipa
- Dato:
- 01.01.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:08t
- Distanse:
- 4,1km
Nydeleg dag. Solskinn første dag i det nye året. Kan det bli betre???
Årets siste tur
- Dato:
- 31.12.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 4,0km
Tenk at vi faktisk kunne få litt finvær på årets siste dag. Absolutt nydeleg vær. Litt kaldt men kanskje julas finaste dag???
Hadde litt flaks med tanke på at nokon gjekk opp turen med truger, slik at turen vart mykje lettare å gå. Kan ikkje klage på det.
Nordheia/Djupviknipa
- Dato:
- 30.12.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 4,0km
Olsetåsen
- Dato:
- 29.12.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:27t
- Distanse:
- 1,5km
Straumsåsen
- Dato:
- 29.12.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 0:45t
- Distanse:
- 3,2km
Nerviknipa
- Dato:
- 28.12.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:31t
- Distanse:
- 3,9km
Værmeldingane var ikkje dei beste (igjen). Så vi testa ut ein ny tur denne dagen, som ikkje skulle være så lang. Erfaringane mine tilseier også at det er ofte mindre regn ut mot kysten, så då fall valet på Flokeneset.
Vi hadde litt problem med å finne ut kvar stien starta ettersom beskrivelsane vi fann var litt vage: eit busstopp langs FV609 og gjennom ei grind. I tillegg skulle det være oransje merke langs stien. Vi parkerte ved det busstoppet vi fann ut det måtte være og fulgte ein sti gjennom ei grind og over ei myr. Etter kvart kom dei oransje merka til syne og det var relativt enkelt å følgje oppover lia. Det har kome meir enn nok regn den siste tida, så det å halde seg tørr på beina er eit ikkje-tema. Av samme grunn er det fare for glatte steinar og berg også. Stien >>>
