Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Naregga

Date:
06.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:21h
Distance:
5.6km

Enda ein dag med vindstille og sol. Naregga er perfekt dersom ein er på jakt etter fine solnedgangar.

Map    

Rimmane

Date:
05.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
7.0km

Tur med kollegaer til Rimmane. Nydeleg sommarfølelse i september. Absolutt ein høydare i alle fall når vi får det nydelege synet med sola som skin så fint.

Map    

Trodalsvatnet

Date:
04.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h
Distance:
4.8km

Sjølv om det er fint vær, så er det ikkje alltid at ein går tørrskodd på tur. Ei stund sidan eg hadde vore oppe i Trodalen og tenkte at det var sikkert fint å gå der. Men på grunn av at stien er lagt litt om, så startar no stien rett i ei myr. Så det tok vel ca 2 minutt så var skoa våte og kanskje 10 min til skoa var gjennomvåte. Så det blir nok ikkje fleire turar på den stien, med mindre det har vore tørt ei stund.

Map    

Halvgerda

Date:
02.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:00h
Distance:
9.4km

Det er ei stund sidan eg prøvde ruta opp frå Slåttensida. Eit eller annat stort har i alle fall vore opp denne vegen. Mest truleg ei eller anna arbeidsmaskin for å få ned nokre tre. Det var rett og slett krevjande å gå ettersom arbeidsmaskina hadde laga svært djupe spor og i spora var det stort sett gjørme. Neste gong går eg frå Holsa/Høgset. Flott ettermiddag/kveld med lite vind og fin utsikt. Så her var det berre å nyte kvelden.

Map    

Legene ved Solvorn

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:33h
Distance:
5.4km

Ein liten tur langs fjorden frå Solvorn. Vi var innom Legene, som tydelegvis er ein nedlagt gard. Turen er lett kupert

Map    

Storehaug

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:24h
Distance:
1.8km

Eg må innrømme eg er mest glad i dei fjella som har litt utsikt. Denne turen er nok ingen "høydare", men ein heilt OK tur og ikkje noko meir. Utsikta er ikkje så mykje å skryte av akkurat. Så det blir ingen jakt på denne toppen fleire gongar.

Map    

Molden

Date:
31.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.1km

Då var det på tide med ein tur til Molden igjen. Denne gongen med mannen min. Han har ikkje vore der før og han har høyrt mykje om turen. Og då passar det godt når været er meldt så bra som det var. Vi reiste inn til Sogndal for å få med oss Sognapride, sidan dotter vår skulle være med i toget og halde appell til arrangementet. Etter det reiste vi til Krossen og tok turen. Været blei berre betre og betre i løpet av dagen, så her låg det an til å bli ein prima dag. Det var nok ein del som hadde teke turen, men dei aller fleste var på veg nedatt då vi gjekk opp. Og det er heilt greitt på ein slik tur. Flott utsikt og strålande vær... kan det bli betre?

Map    

Gytta

Date:
30.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:36h
Distance:
2.7km
Map    

Gytta

Date:
29.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:39h
Distance:
2.9km
Map    

Skarsvatnet

Date:
28.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
4.7km

Eg og nokre kollegaer skulle ta ein tur til Skarsvatnet og Gaddevatnet. Eg var litt spent på om det hadde blitt slik at vi kunne gå over ved Skarsvatnet denne gongen, sjølv om eg var litt skeptisk ettersom det ikkje akkurat har vore så mykje opplett i området. Og ganske riktig, det var uråd å gå over utan å bli skikkelig våt på beina, så turfølget ville ikkje utsette seg for det. Vi gjekk heller langs Skarsvatnet og sikta oss opp på høgda mot Skratleheia. Så det vart samme ruta som eg og mannen min hadde litt tidlegare i august. Vi gjekk rett nok ikkje heilt til topps, men opp slik at vi fekk litt utsikt. Spørsmålet var då om vi skulle ta sikte på Hatlebrekkestølen og følge det som på kartet såg ut som ein god traktorveg. Men ettersom eg hugsa frå sist, vart eg skikkelig >>>