Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Familietur Rust

Dato:
24.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:59t
Distanse:
6,7km

Herleg vêr. Gjekk frå Dammen i familiefølgje på seks. Niste ved varden. Anniken og eg tok ein sving om austnutane før vi avslutta dagen på badebrygga. Brukte 2 timar og 59 totalt. 6,7 km, 517 hm.

Kart    

Morgontur Furufjell

Dato:
23.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:23t
Distanse:
4,8km

Rask morgontur til Furufjell før eg tok gamle foreldre på biltur, brukte 35 minutt opp.

Kart    

Siste i Hedmark, blindebukk i steinurda

Dato:
21.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:42t
Distanse:
10,7km

Eg pleier ikkje å gå desse litt større toppane i dårle værmelding, men gjorde eit unnatak i dag. På veg heim frå Trondheim, overnatta på Røros, hadde gått til Melhus-toppen dagen før, og det var berre Sålekinna i Os eg mangla, så eg kledde meg i regnbukse og Goretex, og starta å gå litt etter 1000 frå parkeringsplassen ved Øversjøen gard. Toppen låg i skodde, men riset mellom dei to toppane låg under skodda. Følgde stigen litt for langt oppover mot den høgre toppen og måtte krysse ei ur horisontalt for å kome bort til vardane som står på bandet mellom toppane. Skodda låg eit stykke oppover, så eg hadde litt grunnlag for å velje ei austre rute oppover, mest grass og ikkje så bratte hamrar. Hadde venta meg nokre varder å følgje, men fekk ikkje auge på nokon. Fann >>>

Kart    

Endeleg Surtningssue - i draumever!

Dato:
13.07.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
10:30t
Distanse:
22,5km

Etter å ha følgd med på yr for utvalde helger over fleire år, bestemte vi oss for å prøve Surtningssue denne helga. Fullkomen vermelding, og slik blei det også. Køyrde frå Oslo kl 1200, rakk siste båten frå Gjendesheim kl 1730, og spiste middag på Memurubu fredag kveld. Vi starta å gå kl 0990, og valde å gå Raudhamrane opp, og Memurudalen ned. Perfekt vêr, vindstille, sol, men ikkje for varmt i motene. Men starten var litt brutal, 500 hm som Tom gjekk litt fortalte enn eg ville ha likt, og eg merkte at forma ikkje var heilt på topp. Då vi kom fram til løypekrysset ned til Memurudalen presterte eg å snuble på nesten flatmark og datt slik at eg øydela speilreflekskameraet som eg bar over skuldra. Knærne og handa blei skrubba opp, men ikkje så ille at det øydela noko >>>

Ørnemyrfjeddet i ettermiddagssol

Dato:
31.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
5,6km

Etter Skoræ og etter veldig interessant og hyggjeleg stopp i Kyrkjebygda, først kaffi og kake og prat med bestyraren på kulturhuset Minne, deretter ein sving oppom Sosteli, den forlatte folkevandringsgarden, drog visørover til Øvre Flottorp, og gjekk til Ørnemyrfjeddet. Vi starta ved bekken og følgde traktorvegen bratt oppover til vi var under Solliheia, heldt fram nord for heia langs blåmerkt stig. Då vi såg Ørnemyrfjeddet rett fram, skar vi ned frå Solliheia (litt bratt), rett over myrene og så oppover mot tappen. Greitt å gå fordi myr og lyng enda var visne, men ganske seigt å gå i terrenget likevel. Då vi kom opp på svaberga, gjekk det derimot veldig greitt opp til toppen. Smal varde, fine berg, enkelt småfuruer, ettermiddagssol og fin utsikt. Nedover fann vi annan og >>>

Kart    

Skoræ - sol, litt vind

Dato:
31.05.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:17t
Distanse:
9,3km

Overnatta for andre gang på eitt år på Evje Park Motell, veldig god valuta for pengene! Køyrde så til Kyrkjebygda i Åseral og så nordover langs Monn-vassdraget til Ljosland. Der opp gjennom hyttefeltet til parkeringsplass ved Faresvatnet. Heilt klart vær med blå himmel og grøne museøyre på bjørkene rundt vatnet, men ikkje utsprunge høgare opp. od merkt stig med masseviss av klopper og bruer. Dessutan skilting og tilrettelagde trasear for skiløyper. Vi møtte fleire folk på turen, deriblant fleire barnefamilier. På toppen møtte vi ein far med to småskulejenter som hadde lege i telt natta før. Måtte vel ha vore litt kaldt, tenkte vi, men neida, det hadde vore heilt tipp-topp. Vi brukte 1 time og 10 minutt opp. Rasta i 20 minutt etter å ha kledd litt ekstra på oss, så omtrent >>>

Kart    

Ny Rust-tur

Dato:
20.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:00t
Distanse:
10,1km

Kart    

Fin oktoberdag i Rust

Dato:
07.10.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:48t
Distanse:
5,4km

Kart    

Hjerttinden i septembersol

Dato:
22.09.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
7:00t
Distanse:
18,6km

Anne og eg møttest etter jobb i Tromsø på fredag og køyrde først til Nordkjosbotn og spiste middag, så til Rundhaug gjestegård der vi var dei einaste gjestene i eit hotell utan betjening! Nøkkelen låg på disken i resepsjonen til oss. Etter frukost (med betjening!) køyrde vi forbi Bardufoss til Rubbåsvegen, og følgde denne så langt vi kunne oppover. Det regnte, men vi visste at det skulle klarne opp, og det gjorde det etter ein time. Først veg, så traktorveg, så raudmerkt stig. Fint å gå. Vi drog av frå stigen og gjekk i lettgått terreng opp til salen mellom toppen og Hjerttindtuva. Der møtte vi to unge rjupejegarar, ga meining sidan vi hadde høyrt skot på vegen oppover. Så skar vi rett opp til toppen, bratt, men heilt OK. Møtte den raudmerkte stigen oppe på fjellet >>>

Kart    

Morgontur til Midtstrandnuten

Dato:
26.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:30t
Distanse:
6,6km

Vakna tidleg i Evje, super motellovernatting i Evje Park Apartement! Kan anbefalast. Fylte bensin, tok ut kontantar (dei hadde ikkje mindre setlar enn 100!), og køyrde sørover til Dåsnes, og så opp dalen forbi Dåsvatn og opp til Lognavatn og Espeli. Utruleg nydeleg sundagsstille dal i klart, litt kjølig augustvêr. Køyrde heilt opp til den Øvste garden i bygda, og der startar Kodalsvegen. Var takksam for at Knut Sverre hadde nemnt det der med 50 kroner i kontantar (eg måtte rett og slett betale dei 100 eg hadde tatt ut, for lommeboka er som vanleg tom for pengar). Litt oppover i den smale vegen kom eg bak ein vaggande tiur. Han var overhovudet ikkje affisert av meg og bilen, så han vagga vidare og eg rulla bak. Etter fleire tutingar letta han til slutt på seg, og eg plukka opp ei >>>