Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Vardane i håplaust vær

Dato:
09.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:51t
Distanse:
8,5km

Køyrde frå Ørsta til Molvær og parkerte ved Vasskummen. Det regna og det var dessutan meldt striregn heile dagen, men eg hadde no berre denne dagen til disposisjon, så det fekk stå sin prøve. Hadde sjekka spora til lyngve, sidan dette må vere «hans» topp, og valde kortaste veg rett opp. Det var null sikt etter Molværtjønna dessverre. Eg gjekk jamnt på, og brukte likevel 1 t og 25 opp. Eg har sett lyngve brukar 1 time og 40 opp og ned, så eg Ragnar med at dette erceinnkar i superform! Det bles kraftig på toppen, og eg fekk no eit inntrykk av topplatået med mange vardar. Dei fine grasbakkane rundt toppen og dei bratte sidene til alle kantar gjer nok denne toppen heilt nydeleg i godt vær. Synd då at eg kasta den bort på ein så våt og grå dag. Vonhytta var open og unte meg >>>

Kart    

Sollia - Herøy og Sande

Dato:
08.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:42t
Distanse:
9,9km

Turliv i kombinasjon med dei nynorske festpela er ein god idé. Starta i dag med å køyre til Moltustranda, tulla litt før eg fann rett avkøyrsel (ta Gamlevegen opp til venstre). Så tabba eg meg litt ut ved å parkere på den første turparkeringa eg kom til, eg burde heller ha køyrt så langt eg kom mot bommen og parkert rett før den. Dermed blei turen 1-2 kilometer lengre enn den kunne ha vore, og ekstradistansen gjekk på kjedeleg veg. Men, men: Overskya, men høg himmel og vindstille då eg gjekk oppover vegen, opp til demninga i Mørkevatnet. Så stig på venstre side av vatnet, merka stigkryss etter den første bakken opp fra vatnet, der blei eg leidd mot venstre inn Lisledalen og opp neste kleiv. Ved varden der gjekk så stig bratt oppover mot høgre og toppen. Eg gjekk litt på >>>

Kart    

Kongsvollen og Blåtind

Dato:
07.06.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:51t
Distanse:
9,3km

Drog fra Ørsta og parkert i p-lommme i Ringstaddalen. Starta å gå ca kl 1030. Usikker vermelding, og ganske kaldt, men må seie det med ein gong: sjølv om eg måtte på med goretex og gjekk med ullpanneband, slapp eg unna det store regnet, berre nokre dropar innimellom, og då eg rasta på Kongsvollen var det sol. Det bles ein del, så serleg strekket mellom Kongsvollen og inn under Blåtind-toppen var litt surt. Eg hadde snakka med kjentfolk og fått råd om å ta Kongsvollen først. Det trur eg var lurt, då blei det rake vegen nedatt fra Blåtind. Kongsvollen må ha fått namnet sitt fordi det er ein sånn fin graskledd runda topp "ein voll" for kongar. Blåtind er jo brattare, men oppstiginga var veldig grei der eg kom på stigen fra Kongsvollen. Eg er veldig glad for at eg >>>

Kart    

Perfekt maidag til Hjelmen

Dato:
15.05.2024
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
7,0km

For ein dag! Etter Pyttegga overnatta vi på Thon hotell i Surnadal - deilig med dusj og komfort etter tre dagar på tur og dnt-standard. Etter god frukost køyrde vi til Settemsdalen og følgde t-merkt stig til toppen av Hjelmen. Fantastisk nydeleg dag. 17 grader og vindstille kl 10:30 då vi begynte å gå. Det var ikkje mykje flate parti oppover, jamn stigning heilt til topps, først gjennom bjørkeskog - med ny blåbærlyng og kvitveis - så over tregrensa med tidvis ganske bratte parti mot slutten, måtte bruke hendene og klyve nokre stader. Det lufta litt då vi kom over tregrensa, men det var i praksis vindstille då vi hadde drikke- og fotopause i 30 minutt på toppen. Fjorden låg blikkstille, kvite imponerande snøfjell i sør og øst, og vi kunne kjenne att Ruten og Innerbergsalen >>>

Kart    

Oftefjell i tynt snødekke

Dato:
21.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,8km

Etter seminar på Eidsborg køyrde eg til Høydalsmo og skifta til turtøy. Skilt som markerte stigstart bak butikken og god stig heilt til topps. Lett snø i lufta og kvitt på bakken, i alle fall i stigen. Trådde litt forsiktig, for det var frosne parti under isen, men turen gjekk greit utan uhell. Høgdemetrane kom ganske tett, og eg gjekk på for å presse meg litt (skal ikke stort til). Det flaug opp ein storfugl halvvegs oppe. På toppen bles det friskt, men det hadde slutta å snø. Må vere eit nydeleg toppunkt i fint vær! 4,75 km, 358 hm, 1 t og 30 minutt opp og ned. Gjekk aleine.

Kart    

Svarthaugen i snø og søyle

Dato:
14.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:45t
Distanse:
5,4km

Parkerte ved Trøan. Følgde god stig oppover. Veldig mykje søyle og etterkvart snø og is. Surt på toppen, men suveren utsikt. Vinter i fjellet i Oppdal no. To av oss gjekk feil på vegen nedatt, følgde eit gjerde for lenge. 5,4 km, 305 hm, 1 t 45 netto. Mari, Marit og Astrid var med.

Kart    

Rust i kaldt, flott oktobervær

Dato:
07.10.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:15t
Distanse:
5,2km

Køyrde til Dammen. Gjekk svært roleg opp med Kristin. På toppen venta Erling, Anniken og Inger. Felles rast, så ned igjen. 5,2 km, 3 t og 14 brutto, 487 hm.

Kart    

Moltetur frå Rust og ned

Dato:
12.08.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:30t
Distanse:
11,4km

Litt sliten frå gårsdagen, mennsykla til Valedammen, gjekk roleg til topps, koste meg litt ved varden, drog så gjennom moltestøa nedover att. Sykla frå Dammen til hytta. 4,9 km sykkel, 6,5 km på beina. 581 hm. Var borte i 3,5 time.

Kart    

Lang anmarsj, kort topptur

Dato:
11.08.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:18t
Distanse:
2,6km

Var overtalt av Tom til sykkeltur etter å ha tatt Krossobanen. Eg er ingen sterk syklar, men natur og vær kunne ikkje ha vore betre. Kom til Grotte og etter 19 km fann eg ut at heile vegen til Kallhovd blei litt langt for den spede syklisten eg er. Så vi gjorde ei avtale: Tom sykla inn til Kallhovd, eg fekk meg ein Telemarkstopp. Gjekk rett opp bratthenget frå sør. 750 m i luftlinje, men 200 hm. Nydeleg toppunkt, varde, utsyn, alt var perfekt. Følgde den lengre stigen nedatt til sykkelen. Sykla tilbake til Gvepseborg. 2,6 km, 201 hm, 1 t og 20 inkludert pause på toppen, brukte 35 minutt opp. Dessutan 36 sykkelkm og 781 hm på sykkel. Toppen tok eg aleine.

Kart    

Mjøltenuten for andre gong

Dato:
10.08.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:30t
Distanse:
4,0km

Finnliten tur etter tre dagar med vått gråvær. Gjekk frå Kvambekkheivegen og opp. Bles nokonpå toppen. Åt kanelboller og brus i skaret mellom toppane pga vinden. Gjekk om den andre toppen einnrunde tilbake. 4 km. 1 t og 42 inkludert matpause. 219 hm. Tom var med.

Kart