Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (6)
-
Drive (1)
- Car drive (1)
-
Ski trip (107)
- Backcountry skiing (74)
- Cross-country skiing (19)
- Trip by foot (404)
Peakbook-Friends

Favourite trips
Favourite peaks
Hjerttinden i septembersol
- Date:
- 22.09.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:00h
- Distance:
- 18.6km
Anne og eg møttest etter jobb i Tromsø på fredag og køyrde først til Nordkjosbotn og spiste middag, så til Rundhaug gjestegård der vi var dei einaste gjestene i eit hotell utan betjening! Nøkkelen låg på disken i resepsjonen til oss. Etter frukost (med betjening!) køyrde vi forbi Bardufoss til Rubbåsvegen, og følgde denne så langt vi kunne oppover. Det regnte, men vi visste at det skulle klarne opp, og det gjorde det etter ein time. Først veg, så traktorveg, så raudmerkt stig. Fint å gå. Vi drog av frå stigen og gjekk i lettgått terreng opp til salen mellom toppen og Hjerttindtuva. Der møtte vi to unge rjupejegarar, ga meining sidan vi hadde høyrt skot på vegen oppover. Så skar vi rett opp til toppen, bratt, men heilt OK. Møtte den raudmerkte stigen oppe på fjellet >>>
Dagens andre: Himmelsyna
- Date:
- 26.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:15h
- Distance:
- 8.3km
Dei to dagane i Austre Agder innebar vel til saman 70 mil med bilkøyring eller meir frå Oslo. Fotavtrykket var altså ikkje noko å skryte av. Frå Espeli greidde eg dessutan å køyre feil, og det skjønte eg ikkje før eg kom til åseral, eg berre koste meg i augustsola. Så eg måtte ned eit godt stykke før eg tok mot aust att og hamna i Evje att. Handla i sundagsopen butikk, og dura vidare i retning Risdal att, for no skulle eg få med meg Himmelsyna, og hadde for ein gang skuld planlagt til, det såg best og kortast ut å ta toppen frå Risdal, dvs Vatne. Eg gjekk jo derifra til Befjell dagen før, og var liksom litt kjend. Det gjekk greitt oppover grusvegen, men møtte heilt uventa og det var då slett ikkje nemnt i rapportane, ein låst bom. Så parkert i vegkanten og tok beina fatt. >>>
Morgontur til Midtstrandnuten
- Date:
- 26.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:30h
- Distance:
- 6.6km
Vakna tidleg i Evje, super motellovernatting i Evje Park Apartement! Kan anbefalast. Fylte bensin, tok ut kontantar (dei hadde ikkje mindre setlar enn 100!), og køyrde sørover til Dåsnes, og så opp dalen forbi Dåsvatn og opp til Lognavatn og Espeli. Utruleg nydeleg sundagsstille dal i klart, litt kjølig augustvêr. Køyrde heilt opp til den Øvste garden i bygda, og der startar Kodalsvegen. Var takksam for at Knut Sverre hadde nemnt det der med 50 kroner i kontantar (eg måtte rett og slett betale dei 100 eg hadde tatt ut, for lommeboka er som vanleg tom for pengar). Litt oppover i den smale vegen kom eg bak ein vaggande tiur. Han var overhovudet ikkje affisert av meg og bilen, så han vagga vidare og eg rulla bak. Etter fleire tutingar letta han til slutt på seg, og eg plukka opp ei >>>
Befjell med ein del rot
- Date:
- 25.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:53h
- Distance:
- 10.5km
Fekk to dagar på eiga hand, og køyrde frå Oslo kl 1000. Etter ca fire timar og ca 30 mil, kom eg til Mykland. Så langt, så godt. Der slo eg inn ein ny gps-destinasjon, og det tok 10 minutt før eg skjønte at det var same namnet, men feil retning. Så der var 20 minutt sløsa bort. Men eg kom då til Risdal, og starta friskt oppover den merkte stigen i retning Vore. Etter maks 10 minutt starta det å regne, det var ikkje meldt! Det regnte ikkje så lenge, men nok til at berga blei ganske sleipe, og ikkje minst rakk lyng og gras å bli vått. Møtte av alle usannsynlege, ein fransk familie på veg ned. Korleis finn dei fram til ein slik tur?
Då eg kom opp til Lille Vore, valde eg å gå til venstre der svake spor i berget gav to alternativ, eg valde altså å gå mot Befjell, ikkje mot >>>
Mannslagarnuten - siste på kremtopplista i Telemark
- Date:
- 09.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:30h
- Distance:
- 19.8km
Følgde skilt til Brokefjell frå rett etter avkøyrselen til Kviteseidbyen, eg kom altså frå nord. Oppover lia til Granli der det stod eit turkart, men ikkje merkt stig etter det eg såg. Så eg køyrde vidare oppover og var glad for alle høgdemetrane eg gjorde unna med bil. Til slutt kom eg til grind og eit småbruk/husplass i ein sving. Snakka litt med dama som budde der, og ho viste kvar eg kunne sette frå meg bilen litt nedafor grinda langs vegen. Eigenleg burde det gå an å svinge innom garden og så halde fram på grusvegen, men det opna ikkje dama for. Så eg parkerte på ca 330 hm, og gjekk grusvegen oppover i ca 200 hm til der det stod skilt med Heivatn 1,1 km som viste til stig til høgre. Stigen var godt merkt, og på det høgaste var eg vel oppe i 590 hm, før det gjekk nedover >>>
Hårteigen - endeleg!
- Date:
- 01.08.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 17:30h
- Distance:
- 59.0km
Etter fin overnatting på Jaunsen gjestgjevargard i Granvin, køyrde vi frå Øvre Eidfjord til Hjølmo, opp hårnålssvingane og til parkeringa på Hjølmoberget på tysdag. Rart at vi ikkje måtte betale korkje for vegen eller parkeringa, kven er det eigenleg som kostar denne spektakulære turistvegen?
Visste at det var meldt regn, men tenkte vi skulle bruke regndagen på transportetappen inn til Hadlaskard. Vi fekk ei skur då vi pakka maten i sekkane og fekk på oss sko, men så opphald heile det første stykket, inn til Vivelid tok det ca ein time, og ein ny time inn til Hedlo. Lett å gå, liten bom at vi først kryssa brua bort til Vivelid, men tok oss raskt inn igjen, og gjekk tilbake og heldt austsida av Veig inn til Hedlo. Spiste inne i "resepsjonen" og kjøpte kaffi og te >>>
Olsskavlen frå Raundalen
- Date:
- 30.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:42h
- Distance:
- 14.0km
Kommunetoppferie med Anne og Eirik resulterte berre i to toppar i år. Det var jo fordi vi på impuls i bilen vestover bestemte oss for å setje av tre dagar til Hårteigen, dei tre dagane måtte vi jo før eller sidan setje av uansett, og opp Hallingdal på veg til Voss fall vi ned på dette alternativet, etter først ha vurdert ein runde i Stølsheimen. Men aller først ville vi ha med oss Olsskavlen, dobbel kommunetopp delt mellom Voss og Granvin.
Vi overnatta flott på Fleischers, provianterte og gjekk i sportsbutikkar, før vi køyrde opp Raundalen for å finne parkeringsplassen som vi hadde sett fleire omtale etter Reimegrenda og Voll. Den fanst ikkje lenger, plassen var avstengt med nokre improviserte kubbar og på stativet med parkeringsboks, stod det no eit parkering forbode-skilt. >>>
Vornuten
- Date:
- 21.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:08h
- Distance:
- 15.0km
Køyrde til Kasin og starta der. Så Løkin, Venelitjønn, Nordbøkriklan og Myklevatn. Bada på holmen. Der snudde Erling, Eirik og Sigrid. Anniken og eg gjekk vidare til Vornuten, så Haugebu, nordsida av Vorvatn, Kinsarviktjønni, over til vegen til Kinsarvik og ned Røynbrekka. Erling plukka oss opp ved Vinsvål. Utruleg mykje molter. Eg plukka tre liter. Varmt badevatn i Myklevatn, kanskje 19 grader? 15 km. 930 hm utruleg nok, mykje opp og ned. 5 timar og 25 min.
Ben Nevis i strålande sol
- Date:
- 06.07.2018
- Characteristic:
- Hillwalk
- Distance:
- 16.6km
Overnatta på svært shabby hotell i Fort William, sov dårleg, men kom i alle fall tidleg i gang. Kjøpte frukost og niste på Tesco som opna kl 0700, og køyrde til Glen Nevis der vi spiste frukost ved Visitorsenteret før vi starta å gå ca kl 0830. Var litt imponerte over dei vi møtte på veg ned i 0900-tida! Gjekk alle tre samla opp til innsjøen, men derifrå gjekk Tom og eg litt på i forvegen, medan Marit ville gå seinare og vurdere å snu om det blei for langt. Vi brukte tre timar opp, rasta og tok bilete, og beundra utsikta, før vi ringte Marit for å høyre korleis ho låg an. Då hadde ho falle på ca 1200 hm, slått og skada handa, og var på veg nedatt. Vi tok henne ikkje att før vi kom ned mot dalen igjen. Blå bandasjert hand som nokre kjekke tyske damer hadde fiksa. Leitt. >>>