Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Lister jeg samler etter

Bukkeholstindane - Søre, Midtre, Store

Dato:
15.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
12:30t
Distanse:
22,9km

Dette var ei flott runde på Bukkeholstindane med mange timar på passe kvasse eggar over 2000 meter.

Kart    

Rauddalstindane

Dato:
03.08.2019
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
11:19t
Distanse:
27,1km

Flott rundtur med Pappa. Sykkel til Gravdalen. Vading over elva. Greit opp til Vestre og vidare til Store. Mykje løs ur ned frå Store og ingen snørenner å skli på på grunn av ekstremt lite snø i fjellet. Veldig lett terreng ut Simledalen.

Kart    

Glittertind

Dato:
13.07.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
8:10t
Distanse:
12,9km

Årets fjellhytte-famile-tur med overnatting på Glitterheim. Fin tur opp til Tinden. Bra vêr og god utsikt på toppen. Hysterisk morsom nedkjøring på akebrett. Takk til Glitterheim for minnerikt opphald som vanleg!

Kart    

Visbreatind og Sørvestre Urdadalstinder

Dato:
08.07.2019
Turtype:
Fottur
Turlengde:
12:00t
Distanse:
20,1km

Flott rundtur med Andrea. Etter at vi nådde toppen av Visbreatinden var dagen enda ung, og vi bestemte oss for å avlegge eit besøk til dei Sørvestre Urdadalstinder. Vi tok oss relativt greit ned til den sørlege delen av Visbrean - delvis på snørenner. Så kryssa vi over sprekkfri bre og vidare opp på Sørvestre. Retur via Langvatnet. På Leirvassbu vart det litt snacks og kortspel før vi returnerte til bygda.

Kart    

Høvageltindan

Dato:
28.04.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
4:30t
Distanse:
12,9km

Denne dagen var Leidalen i full vårløysing, og det rann vatn over alt. Når vi kom til Sletthamn, var vi så heldige og treffe Ole Jack som ga oss haik med beltebilen innover til Leirvassbu. Føret var ikkje så verst når vi kom inn til Leirvassbu, sjølv om snøen ble nokså mjuk utover dagen. Målet for dagen var Høgvagltindan. Vêret var litt vekslande, og det vart dårleg med utsikt på toppen. Likevel ein fin avrunding av vårski-sesongen.

Kart    

Oppryddingstur rundt Leirbrean

Dato:
19.04.2019
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
9:00t
Distanse:
19,7km

Fin rundtur med Andrea på Leirbrean der turmålet var å besøke topper som av forskjellige grunner har blitt ståande att ved tidlegare høve.

Kart    

Tverrbytthornet

Dato:
09.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
8:45t
Distanse:
46,0km

Vi overnatta i telt ved Leirvantnet, og traske innover Kyrkjeglupen i fint vêr. Ved Troget tok vi av stien og sikta oss oppover mot toppen. Det var spredt varding, men vi endte opp med å finne vår eigen veg oppover steinurda. Mykje laust, men greitt å gå. Vi kom opp på eggen litt vest for Tverrbytthornet, og satte att sekkane der. Lettgått til topps, men no hadde utsikta forsvunnet i tåka. Så gjekk vi attende og vidare vestover eggen mot Vestre. Det vart etter kvart smalt og litt utfordrande. Det var fleire punkt med litt kliving og litt balansering før vi nådde Vestre. Denne toppen var som ei stor flat blokk, og Andrea nytte høvet til litt turning. Retur same veg!

Kart    

Spiterhøe

Dato:
01.08.2018
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
11:00t
Distanse:
17,7km

På tur med Mamma, Pappa og Petter frå Spiterstulen. Oppe ved Leirgrove eit stykke snudde Pappa og Petter, mens eg og Mamma fortsatte mot toppen. Etter litt feilnavigasjon nådde vi Spiterhøe!

Kart    

Loftet

Dato:
27.05.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
7:30t
Distanse:
13,1km

Flott vårskitur med Andrea og Unn Kristin. Måtte bere skiene oppover Langranden eit stykke, men bra føre trass i at kalenderen viser 27. mai.

Kart    

Steindalsnosi

Dato:
19.05.2018
Turtype:
Randonnée/Telemark
Turlengde:
6:15t
Distanse:
9,7km

Flott tur til Steindalsnosi med Andrea. Litt hardt oppover det brattaste partiet opp mot toppen, og måtte ta av skiene her. Men ikkje behov for stegjern. Fantastisk utsikt frå toppen mot Hurrungane. Fin kjøring ned att. Kom oss så og si heilt ned til vegen.

Kart