Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Fußtour (28)
- Bergtour (24)
-
Skitour (19)
- Randonnée/Telemark (13)
- Tourenskilauf (6)
Peakbookfreunde
Trippel Bukkehøe
- Datum:
- 13.05.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 8:45h
- Entfernung:
- 14,2km
Flott rundtur med Pappa og Iver over 3 Bukkehøer. link til GPS-spor: KLIKK HER
Veslebjørn
- Datum:
- 24.04.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 5:45h
- Entfernung:
- 12,3km
Bukkehøe
- Datum:
- 17.04.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 12,9km
Flott tur med Pappa til Bukkehøe. Vêr og føre i toppklasse! Link til kart: klikk her
Austre Nautgardstind
- Datum:
- 14.02.2021
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 6:15h
- Entfernung:
- 19,5km
TRYKK HER FOR KART Vi hadde lyst til å lufte randone-skia, men hadde ikkje akkurat tenkt oss på topptur. Minus 26 grader ved bilen og litt vind i høgda var ikkje heilt ideelt for langtur. Men det var ein flott dag og vi enda etter kvart opp på Austre Nautgardstind, som er ein flott skitopp.
Storgrovhøe og Storgrovtind
- Datum:
- 31.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 10:00h
- Entfernung:
- 13,0km
Kart: klikk her Flott tur i nydeleg vêr med Pappa og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe . Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode >>>
Rasletinder
- Datum:
- 01.06.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 6:24h
- Entfernung:
- 16,3km
Det er framleis bra med snø på Valdresflya, og vi avslutta vi pinsa med ein ettermiddagstur til Rasletind. Det flotte pinsevêret held fram og vi gjekk i shorts heilt til topps. Vi gjekk "sommerløypa" og det var greit føre opp til Øystre (2010). Det vart litt ski-bering ned frå denne fortoppen, og deretter greit opp til Rasletinden. På nytt litt bering ned frå toppen og så rusla bort til Sørvestre Rasletinden. Med sine 10 meter primærfaktor rager denne steinhaugen av ein topp høgt på lista over dei aller stusslegaste fjelltoppane i Noreg. Men dette skulle altså vise seg å bli Andrea sin topp nr 100 (2k 10pf). Vi kunne kanskje planlagt noko meir majestetisk blant kongerikets stolte fjelltopper, men topp er topp. Det blir feiring på Sentralen i Lom med det fyrste! Retur >>>
Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse
- Datum:
- 30.05.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 9:49h
- Entfernung:
- 15,9km
Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre. Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene. Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>
Skagsnebb
- Datum:
- 25.04.2020
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 6:19h
- Entfernung:
- 9,5km
Skagsnebb - ein av Jotunheimens finaste skitoppar? I dag klaffa i alle fall det meste: nydeleg vêr - nydeleg føre - nydeleg nedkøyring på tørr nysnø! Veldig folksomt i Leirdalen og på Hurrbrean i dag. Vel oppe i skaret mellom Skagsnebb og Bakaste Skagsnebb tok vi fatt på eggen mot toppen. Etter eit kort parti på bart fjell, tok vi på stegjern. Smal, luftig og fin egg, men greit å gå.
Mugna - Kalvehøgde
- Datum:
- 18.04.2020
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 10:30h
- Entfernung:
- 26,0km
Flott tur med Andrea i nydeleg vêr! Føre: Mykje snø på Flya med 2 m brøytekant. Delvis hardt/skavlete opp mot Steindalen. Delvis veldig avblåst på ryggene. Måtte bere skiene litt mellom Kalvehøgde Ø2 og Mugna. Og litt bering rundt Austre Kalvehøgde.
Semmelholstind
- Datum:
- 24.08.2019
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 9:45h
- Entfernung:
- 18,5km
Eit triveleg turfølge med Pappa, Knut Tønnes og Hans Morten la i veg mot Visbrean litt før 9. Visbrean har endra seg mykje dei siste åra, og har blitt meir utfordrande. For det fyrste er innsteget nå langt under moreneryggen på vestsida av breen, og ein må forsere laus og bratt morene for å komme inn til brekanten. Og brefallet midt på breen er såpass oppsprukket at det vart litt sikk-sakk før vi kom oss gjennom. Vel over breen var det skiftande vêr og utsikt oppover, men vi fekk litt utsikt når vi kom til topps. På tur nedover vart det ei ekstra runde på breen før vi sikta oss inn på ein betre middag på Leirvassbu.