Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
- Fottur (50)
-
Skitur (31)
- Fjellskitur (12)
- Randonnée/Telemark (19)
Favorittopper
Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse
- Dato:
- 30.05.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 9:49t
- Distanse:
- 15,9km
Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre.
Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene.
Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>
Skagsnebb
- Dato:
- 25.04.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 6:19t
- Distanse:
- 9,5km
Skagsnebb - ein av Jotunheimens finaste skitoppar? I dag klaffa i alle fall det meste: nydeleg vêr - nydeleg føre - nydeleg nedkøyring på tørr nysnø!
Veldig folksomt i Leirdalen og på Hurrbrean i dag. Vel oppe i skaret mellom Skagsnebb og Bakaste Skagsnebb tok vi fatt på eggen mot toppen. Etter eit kort parti på bart fjell tok vi på stegjern. Smal, luftig og fin egg, men greit å gå.
Loftet - kveldstur
- Dato:
- 21.04.2020
- Turtype:
- Randonnée/Telemark
- Turlengde:
- 3:07t
- Distanse:
- 11,2km
Kveldstur etter jobb i nydeleg vêr. Heilt vinstille på toppen. Fin kjøring ned att.
Mugna - Kalvehøgde
- Dato:
- 18.04.2020
- Turtype:
- Fjellskitur
- Turlengde:
- 10:30t
- Distanse:
- 26,0km
Flott tur med Andrea i nydeleg vêr!
Føre: Mykje snø på Flya med 2 m brøytekant. Delvis hardt/skavlete opp mot Steindalen. Delvis veldig avblåst på ryggene. Måtte bere skiene litt mellom Kalvehøgde Ø2 og Mugna. Og litt bering rundt Austre Kalvehøgde.
Semmelholstind
- Dato:
- 24.08.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 9:45t
- Distanse:
- 18,5km
Eit triveleg turfølge med Andrea, Knut Tønnes og Hans Morten la i veg mot Visbrean litt før 9. Visbrean har endra seg mykje dei siste åra, og har blitt meir utfordrande. For det fyrste er innsteget nå langt under moreneryggen på vestsida av breen, og ein må forsere laus og bratt morene for å komme inn til brekanten. Og brefallet midt på breen er såpass oppsprukket at det vart litt sikk-sakk før vi kom oss gjennom.
Vel over breen var det skiftande vêr og utsikt oppover, men vi fekk litt utsikt når vi kom til topps.
På tur nedover vart det ei ekstra runde på breen før vi sikta oss inn på ein betre middag på Leirvassbu.
Bukkeholstindane - Søre, Midtre, Store
- Dato:
- 15.08.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 12:30t
- Distanse:
- 22,9km
Dette var ei flott runde på Bukkeholstindane med mange timar på passe kvasse eggar over 2000 meter.
Rauddalstindane
- Dato:
- 03.08.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 11:19t
- Distanse:
- 27,1km
Flott rundtur med Andrea. Sykkel til Gravdalen. Vading over elva. Greit opp til Vestre og vidare til Store. Mykje løs ur ned frå Store og ingen snørenner å skli på på grunn av ekstremt lite snø i fjellet. Veldig lett terreng ut Simledalen.
Glittertind med kidsa
- Dato:
- 13.07.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 8:10t
- Distanse:
- 12,9km
Årets fjellhytte-tur med overnatting på Glitterheim.
Fin tur opp til Tinden. Bra vêr og god utsikt på toppen. Hysterisk morsom nedkjøring på akebrett.
Takk til Glitterheim for minnerikt opphald som vanleg!
Kyrkja med minstemann
- Dato:
- 10.07.2019
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 7:30t
- Distanse:
- 10,3km
Petter sin fyrste tur til Kyrkja. Flott gjennomført tur i strålande vêr!
Visbreatind og Sørvestre Urdadalstinder
- Dato:
- 08.07.2019
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 12:00t
- Distanse:
- 20,1km
Flott rundtur med Andrea. Etter at vi nådde toppen av Visbreatinden var dagen enda ung, og vi bestemte oss for å avlegge eit besøk til dei Sørvestre Urdadalstinder.
Vi tok oss relativt greit ned til den sørlege delen av Visbrean - delvis på snørenner. Så kryssa vi over sprekkfri bre og vidare opp på Sørvestre. Retur via Langvatnet. På Leirvassbu vart det litt snacks og kortspel før vi returnerte til bygda.