Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Pinseparadis på Skeie og Østre Sokse

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
9:49h
Distance:
15.9km

Superpinse på Sognefjellet med fantastisk vêr og føre. Dagens hovudmål var Skeie, og vi ville prøve oss opp snørenna frå Leirbrean. Vi gjekk opp til det lågaste punktet på ryggen mot Veslebjørn og parkerte skiene der. Så traverserte vi ut til høgre for å runde ein berghammar og så opp eit snøfelt . Snøfeltet gjekk etterkvart over i ei snørenne, som enda i ein kamin opp mot eggen. Kaminen var bar for snø, men hadde store og gode tak. Det var temmeleg bratt oppover, men det var heldigvis godt feste i snøen for både stegjern og isøks. Oppe på eggen tok vi av tauet, for eggen vidare opp mot toppen var rimeleg grei. Vi avla deretter vesttoppen eit lite besøk. Uproblematisk ut hit. Retur same veg attende til skiene. Vêret var stadig like flott, og det var for tidleg å køyre >>>

Map    

Skagsnebb

Date:
25.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:19h
Distance:
9.5km

Skagsnebb - ein av Jotunheimens finaste skitoppar? I dag klaffa i alle fall det meste: nydeleg vêr - nydeleg føre - nydeleg nedkøyring på tørr nysnø! Veldig folksomt i Leirdalen og på Hurrbrean i dag. Vel oppe i skaret mellom Skagsnebb og Bakaste Skagsnebb tok vi fatt på eggen mot toppen. Etter eit kort parti på bart fjell tok vi på stegjern. Smal, luftig og fin egg, men greit å gå.

Map    

Loftet - kveldstur

Date:
21.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:07h
Distance:
11.2km

Kveldstur etter jobb i nydeleg vêr. Heilt vinstille på toppen. Fin kjøring ned att.

Map    

Mugna - Kalvehøgde

Date:
18.04.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
10:30h
Distance:
26.0km

Flott tur med Andrea i nydeleg vêr! Føre: Mykje snø på Flya med 2 m brøytekant. Delvis hardt/skavlete opp mot Steindalen. Delvis veldig avblåst på ryggene. Måtte bere skiene litt mellom Kalvehøgde Ø2 og Mugna. Og litt bering rundt Austre Kalvehøgde.

Map    

Semmelholstind

Date:
24.08.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
9:45h
Distance:
18.5km

Eit triveleg turfølge med Andrea, Knut Tønnes og Hans Morten la i veg mot Visbrean litt før 9. Visbrean har endra seg mykje dei siste åra, og har blitt meir utfordrande. For det fyrste er innsteget nå langt under moreneryggen på vestsida av breen, og ein må forsere laus og bratt morene for å komme inn til brekanten. Og brefallet midt på breen er såpass oppsprukket at det vart litt sikk-sakk før vi kom oss gjennom. Vel over breen var det skiftande vêr og utsikt oppover, men vi fekk litt utsikt når vi kom til topps. På tur nedover vart det ei ekstra runde på breen før vi sikta oss inn på ein betre middag på Leirvassbu.

Map    

Bukkeholstindane - Søre, Midtre, Store

Date:
15.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:30h
Distance:
22.9km

Dette var ei flott runde på Bukkeholstindane med mange timar på passe kvasse eggar over 2000 meter.

Map    

Rauddalstindane

Date:
03.08.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
11:19h
Distance:
27.1km

Flott rundtur med Andrea. Sykkel til Gravdalen. Vading over elva. Greit opp til Vestre og vidare til Store. Mykje løs ur ned frå Store og ingen snørenner å skli på på grunn av ekstremt lite snø i fjellet. Veldig lett terreng ut Simledalen.

Map    

Glittertind med kidsa

Date:
13.07.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
8:10h
Distance:
12.9km

Årets fjellhytte-tur med overnatting på Glitterheim. Fin tur opp til Tinden. Bra vêr og god utsikt på toppen. Hysterisk morsom nedkjøring på akebrett. Takk til Glitterheim for minnerikt opphald som vanleg!

Map    

Kyrkja med minstemann

Date:
10.07.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:30h
Distance:
10.3km

Petter sin fyrste tur til Kyrkja. Flott gjennomført tur i strålande vêr!

Map    

Visbreatind og Sørvestre Urdadalstinder

Date:
08.07.2019
Characteristic:
Trip by foot
Duration:
12:00h
Distance:
20.1km

Flott rundtur med Andrea. Etter at vi nådde toppen av Visbreatinden var dagen enda ung, og vi bestemte oss for å avlegge eit besøk til dei Sørvestre Urdadalstinder. Vi tok oss relativt greit ned til den sørlege delen av Visbrean - delvis på snørenner. Så kryssa vi over sprekkfri bre og vidare opp på Sørvestre. Retur via Langvatnet. På Leirvassbu vart det litt snacks og kortspel før vi returnerte til bygda.

Map