Vardebrenning mot vindturbiner & Gondolbane i Kjøsnesfjorden (08.10.2024)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Ascents | Orkja (948m) | 08.10.2024 |
---|
Kampen fortsetter...
https://peakbook.org/tour/490542/Vardebrenning+for+Sn%C3%B8heia+%26+naturen%21.html
Ein kjenner seg liten i kampen for å ta vare på naturen i eit jag av eit konfortabelt liv!
Det var dagen for nasjonal vardebrenning & markering mot vindturbiner i region Snøheia -Sunnfjord & Høyangerfjella. Og eigentleg resten av Natur Noreg.
Men, det gjelder ikkje berre vindturbiner! Det gjelder også blandt anna Gondolbane i Kjøsnesfjorden som ligg inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein kamp sidan 2013 i gamle Jølster kommune. Det er så latterlig at ein igjen måtte ta ein sånn kamp med politikerane i "Nye" Sunnfjord kommune og andre innstanser. Det vil ingen ende ta, med dei meiningslause utbyggingane i ein verden som står på randen av stupet i uenighet, i alt for hurtig klimaforandringer som viser til menneskeskapt naturkaos, egoisme, kapital, krig og makt på heile kloden. Har fulgt David Attenborough sine fantastiske naturfilmer i mange år. Og ser at også han viser no til krise i heile økosystemet i sine naturprogram. Ein må kjempe for å få ned forbruket på alle plan. Alle må gå seg sjølv i saumane og tenke på framtid, dyra og naturen som prøver å følge årstidene etter beste evne! Etterkommerane!
User comments
Det er ein verdikamp. Stå på
Written by kobbenes 15.10.2024 21:47https://www.dagogtid.no/ordskifte/verdikampen-6.130.36925.89d96a1560
Sv: Det er ein verdikamp. Stå
Written by Eikås 16.10.2024 18:32Fantastisk godt skrevet Kristian. Det er sånn det kjennast!
Må berre legge til siste avsnittet ditt i innlegget!
"Men myndigheitene si oppgåve er å ivareta fleire verdiar og behov. Når staten er ein næringsaktør, sviktar han dette ansvaret.
Og når vi snakkar om verdiar, så må vi også snakke om det konkrete. Når vinden blæs over lyngheiene og heiloa klynkar vemodig, ja, så er det som eg kjenner vemodet i kroppen. Når vi øydelegg naturen ikring oss, raserar vi heilt konkrete verdiar – vi blir fattigare. I prosessen mister vi kontakten med landet og kulturhistoria vår. Og vi undergrev livsgrunnlaget til dei vi deler naturen med.
Det var ingen heiloer på dei strigla presentasjonane til «Kraft i vest». Det var ingen myrer, rein eller edellauvskog heller. Men dei finst, dei har verdi, og dei bør ha rettar. Miljøkampen er ein verdikamp. Ein kamp for livets vilkår – vårt eige inkludert." - Kristian K. Starheim
Sv: Sv: Det er ein verdikamp.
Written by kobbenes 16.10.2024 18:40takk for det Janne, vi er mange som kjenner det slik. No må ein få politisk gjennomslag. Det er ikkje lett, men ellers skjer det for lite.
Lik og del, som ho seier ho Sylvi ;-)
Sv: Sv: Det er ein verdikamp.
Written by otto 18.10.2024 17:45Kjør på med gondoler og skiheiser. Vindturbiner får vi aldri nok av. Sentralisering og nedleggelse av skoler i distriktene må vi fortsette med... (bærre tulla..) ;-)
Sv: Sv: Sv: Det er ein verdika
Written by TERJES 22.10.2024 23:38Hadde det ikke vært for de to siste ordene, ville du antagelig ha fått en del harde skyts tilbake.