Vardebrenning mot vindturbiner & Gondolbane i Kjøsnesfjorden (08.10.2024)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Dvergsdal
Entfernung 3,2km
Höhenmeter 553m
Karte
Besteigungen Orkja (948m) 08.10.2024

Kampen fortsetter...
https://peakbook.org/tour/490542/Vardebrenning+for+Sn%C3%B8heia+%26+naturen%21.html

Vardebål på Eikåsnipa i Jølster mot vindturbiner på Snøheia
Vardebål på Eikåsnipa i Jølster mot vindturbiner på Snøheia

Ein kjenner seg liten i kampen for å ta vare på naturen i eit jag av eit konfortabelt liv!
Det var dagen for nasjonal vardebrenning & markering mot vindturbiner i region Snøheia -Sunnfjord & Høyangerfjella. Og eigentleg resten av Natur Noreg.
Men, det gjelder ikkje berre vindturbiner! Det gjelder også blandt anna Gondolbane i Kjøsnesfjorden som ligg inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein kamp sidan 2013 i gamle Jølster kommune. Det er så latterlig at ein igjen måtte ta ein sånn kamp med politikerane i "Nye" Sunnfjord kommune og andre innstanser. Det vil ingen ende ta, med dei meiningslause utbyggingane i ein verden som står på randen av stupet i uenighet, i alt for hurtig klimaforandringer som viser til menneskeskapt naturkaos, egoisme, kapital, krig og makt på heile kloden. Har fulgt David Attenborough sine fantastiske naturfilmer i mange år. Og ser at også han viser no til krise i heile økosystemet i sine naturprogram. Ein må kjempe for å få ned forbruket på alle plan. Alle må gå seg sjølv i saumane og tenke på framtid, dyra og naturen som prøver å følge årstidene etter beste evne! Etterkommerane!

https://www.youtube.com/watch?v=uhZe5PHhuLk

Innover eit stille og naturleg Kjøsnesfjord med mektig natur! Vi har klart oss før!
Innover eit stille og naturleg Kjøsnesfjord med mektig natur! Vi har klart oss før!
Idag var det dagen for markering!
Idag var det dagen for markering!
Mot Kjøsnesfjorden...
Mot Kjøsnesfjorden...
Med også NOK EIN GONG eit STORT NEI til GONDOLBANE i Kjøsnesfjorden inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark med eit steinkast!
Med også NOK EIN GONG eit STORT NEI til GONDOLBANE i Kjøsnesfjorden inntil Jostedalsbreen Nasjonalpark med eit steinkast!
Nokon må berre kjempe kampane for naturen, mangfaldet rundt og i og for framtida.
Nokon må berre kjempe kampane for naturen, mangfaldet rundt og i og for framtida.
Også i Astrups rike
Også i Astrups rike
Framtida er også barnebarn og barns framtid!
Framtida er også barnebarn og barns framtid!
Framtida er barnebarn og barns framtid! Lære å gå skritta sjølv!
Framtida er barnebarn og barns framtid! Lære å gå skritta sjølv!
Ein kan nyte fjella & naturen som ungdom også utan gondolbane inn i dette riket!
Ein kan nyte fjella & naturen som ungdom også utan gondolbane inn i dette riket!
Ein kan nyte fjella & naturen som ungdom også utan gondolbane inn i dette riket! Som Arne Næss seier "Slutt aldri å leika!"
Ein kan nyte fjella & naturen som ungdom også utan gondolbane inn i dette riket! Som Arne Næss seier "Slutt aldri å leika!"

Benutzerkommentare

  • -
    avatar

    Det er ein verdikamp. Stå på

    Geschrieben von kobbenes 15.10.2024 21:47
    • -
      avatar

      Sv: Det er ein verdikamp. Stå

      Geschrieben von Eikås 16.10.2024 18:32

      Fantastisk godt skrevet Kristian. Det er sånn det kjennast!

      Må berre legge til siste avsnittet ditt i innlegget!

      "Men myndigheitene si oppgåve er å ivareta fleire verdiar og behov. Når staten er ein næringsaktør, sviktar han dette ansvaret.

      Og når vi snakkar om verdiar, så må vi også snakke om det konkrete. Når vinden blæs over lyngheiene og heiloa klynkar vemodig, ja, så er det som eg kjenner vemodet i kroppen. Når vi øydelegg naturen ikring oss, raserar vi heilt konkrete verdiar – vi blir fattigare. I prosessen mister vi kontakten med landet og kulturhistoria vår. Og vi undergrev livsgrunnlaget til dei vi deler naturen med.

      Det var ingen heiloer på dei strigla presentasjonane til «Kraft i vest». Det var ingen myrer, rein eller edellauvskog heller. Men dei finst, dei har verdi, og dei bør ha rettar. Miljøkampen er ein verdikamp. Ein kamp for livets vilkår – vårt eige inkludert." - Kristian K. Starheim

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Det er ein verdikamp.

        Geschrieben von kobbenes 16.10.2024 18:40
      • +
        avatar

        Sv: Sv: Det er ein verdikamp.

        Geschrieben von otto 18.10.2024 17:45
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: Det er ein verdika

          Geschrieben von TERJES 22.10.2024 23:38
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.