Vardhusheia frå Målandsdalen (03.05.2024)
Written by Kaare_70
Ascents | Vardhusheia (761m) | 03.05.2024 |
---|---|---|
Visits of other PBEs | Brogaheia våpenkonteinere (645m) | 03.05.2024 |
Med ei mogleg mai-overnatting i heimeheia let eg meg ikkje be to ganger, og opplegget vart ikkje heilt ulikt overnattingsturen til Krøys for tre år sidan. Då var veret så fint at eg kunne ligga under stjernene, men denne gangen var det meldt ein del austavind så teltet måtte med. Planen var å kombinera rekognosering i høve eit komande 80-årsminne etter våpensleppet på Brogaheia i november 1944 og dessutan ein tur inn til Storekvæven der eg aldri har vore før.
Bilen vart parkert ved Rv. 13 ved Boremyr, og som så ofte før fann eg vegen opp den gode traktorvegen til Målandsheia. Det gjekk unna sjølv med full oppakning, for eg var oppe ved demninga i Sagåna etter om lag 40 min og ved Målandsvatnet etter snaue timen på tur. Herifrå tok eg i nokså bein linje oppom gøymestaden der restane etter våpencontaierane framleis ligg, og så ned til flyttblokka på Brogaheia der 80-årsminnet forhåpentleg finn stad til hausten.
Planen nå var å koma seg austover i retning Venavatnet og finna ein høveleg teltplass der. Vegen gjekk difor langs sørsida av Brogavatnet der det som meldt bles ein småsur austavind beint imot. Men eg kunne ikkje gå så nær kremtoppen Vardhusheia utan å ta meg ein avstikkar til topps, og dette vart faktisk tredje besøket i år. Letta for den tunge sekken gjekk det kvikt både opp og ned, og her stifta eg bekjentskap med både ei oppskremd lirype og ein klagande heilo.
Eg runda sørenden av vatnet og følgte den tydelege stien rundt Brogavassklubben. Her i Røsselia, ikkje langt frå der eg låg i bivuakk for tre år sidan, fann eg ein grei teltplass med strategisk avstand til brua over Straumane. Og etter om lag 10 km, 750 hm og 3 ½ timar på tur, tok eg kvelden og varma meg ein enkel middag før eg kraup inn i teltet og i le for vinden.
User comments