Vardhusheia frå Målandsdalen (03.05.2024)

Geschrieben von Kaare_70 GSM

Karte
Besteigungen Vardhusheia (761m) 03.05.2024
Besuche anderer PBE Brogaheia våpenkonteinere (645m) 03.05.2024

Med ei mogleg mai-overnatting i heimeheia let eg meg ikkje be to ganger, og opplegget vart ikkje heilt ulikt overnattingsturen til Krøys for tre år sidan. Då var veret så fint at eg kunne ligga under stjernene, men denne gangen var det meldt ein del austavind så teltet måtte med. Planen var å kombinera rekognosering i høve eit komande 80-årsminne etter våpensleppet på Brogaheia i november 1944 og dessutan ein tur inn til Storekvæven der eg aldri har vore før.

Bilen vart parkert ved Rv. 13 ved Boremyr, og som så ofte før fann eg vegen opp den gode traktorvegen til Målandsheia. Det gjekk unna sjølv med full oppakning, for eg var oppe ved demninga i Sagåna etter om lag 40 min og ved Målandsvatnet etter snaue timen på tur. Herifrå tok eg i nokså bein linje oppom gøymestaden der restane etter våpencontaierane framleis ligg, og så ned til flyttblokka på Brogaheia der 80-årsminnet forhåpentleg finn stad til hausten.

Oppe ved Målandsvatnet etter snaue timen på tur
Oppe ved Målandsvatnet etter snaue timen på tur
Restane av våpencontainerane frå krigen med Vardhusheia og Longavatnet som bakteppe
Restane av våpencontainerane frå krigen med Vardhusheia og Longavatnet som bakteppe

Planen nå var å koma seg austover i retning Venavatnet og finna ein høveleg teltplass der. Vegen gjekk difor langs sørsida av Brogavatnet der det som meldt bles ein småsur austavind beint imot. Men eg kunne ikkje gå så nær kremtoppen Vardhusheia utan å ta meg ein avstikkar til topps, og dette vart faktisk tredje besøket i år. Letta for den tunge sekken gjekk det kvikt både opp og ned, og her stifta eg bekjentskap med både ei oppskremd lirype og ein klagande heilo.

Mot stupet på Vardhusheia og Longavatnet
Mot stupet på Vardhusheia og Longavatnet
Frisk austavind ved Brogavatnet
Frisk austavind ved Brogavatnet
Kremutsikt frå stupkanten på Vardhusheia
Kremutsikt frå stupkanten på Vardhusheia
Usikt austover i Krøys med Krøysaheia dominerande midt i bildet
Usikt austover i Krøys med Krøysaheia dominerande midt i bildet

Eg runda sørenden av vatnet og følgte den tydelege stien rundt Brogavassklubben. Her i Røsselia, ikkje langt frå der eg låg i bivuakk for tre år sidan, fann eg ein grei teltplass med strategisk avstand til brua over Straumane. Og etter om lag 10 km, 750 hm og 3 ½ timar på tur, tok eg kvelden og varma meg ein enkel middag før eg kraup inn i teltet og i le for vinden.

Fin teltplass i Røsselia ovanom Venavatnet
Fin teltplass i Røsselia ovanom Venavatnet

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.