Grøskarfjellet (05.07.2023)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Befringsdalen (594m)
Endpoint Befringsdalen (594m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 00min
Distance 12.9km
Vertical meters 949m
GPS
Ascents Grøskarfjellet (1,474m) 05.07.2023
Visits of other PBEs Befringsdalen parkering (600m) 05.07.2023

Starta ved parkeringsplassen ved Befringsdalen. Traff på ein kar som skulle opp til Kvannbakkbu/Kvannbakknova. Så vi slo følge. Kjekt med prat om laust og fast. Fulgte godt merka rute opp til Strupen, ettersom dette er merka på grunn av årets fjelltrimpost, som er Strupen. Tok opp til venstre etter strupen. Etter nokre få høgdemeter etter Strupen passerte eg et berg og gjekk til venstre opp eit skar. Etter dette gjekk eg litt til høgre og kom meg greitt opp til toppen. Gjekk heilt bort til varden på Grøskarfjellet.
Som gårsdagen var det litt tåke på toppen. Eg håpa at tåka skulle lette, slik at utsikta kom fram. Den letta delvis, men ikkje nok til at sola varma då eg var på toppen. Funderte også på om eg skulle gå vidare mot Daurmålsnipa og ned dalen mellom Grøskarfjellet og Daurmålsnipa. Eg valte å la vær på grunn av tåka. Gjekk samme veg tilbake og då eg kom ned til Strupen var alt av tåke vekke. Traff på eit par turgåarar som meinte at det skulle gå fint å gå ned i Botnen. Kanskje det vert neste gong?

Befringsstølen
Befringsstølen
Utsikt opp til Strupen
Utsikt opp til Strupen
Utsikta frå Strupen
Utsikta frå Strupen
Skaret eg gjekk opp litt til venstre for berget
Skaret eg gjekk opp litt til venstre for berget
Ruta gjekk opp skaret her.
Ruta gjekk opp skaret her.
Jostedalsbreen
Jostedalsbreen
Jostedalsbreen og Strupevatnet
Jostedalsbreen og Strupevatnet
Frå varden på Grøskarfjellet
Frå varden på Grøskarfjellet
varden på Grøskarfjellet
varden på Grøskarfjellet
utsikt frå Grøskarfjellet
utsikt frå Grøskarfjellet
utsikt frå Grøskarfjellet mot Jostedalsbreen
utsikt frå Grøskarfjellet mot Jostedalsbreen
utsikt frå Grøskarfjellet mot Jostedalsbreen
utsikt frå Grøskarfjellet mot Jostedalsbreen
utsikt frå Grøskarfjellet mot Jostedalsbreen. Kvannbakkbu til høgre
utsikt frå Grøskarfjellet mot Jostedalsbreen. Kvannbakkbu til høgre
på veg nedatt
på veg nedatt

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.