Starta ved parkeringsplassen ved Befringsdalen. Traff på ein kar som skulle opp til Kvannbakkbu/Kvannbakknova. Så vi slo følge. Kjekt med prat om laust og fast. Fulgte godt merka rute opp til Strupen, ettersom dette er merka på grunn av årets fjelltrimpost, som er Strupen. Tok opp til venstre etter strupen. Etter nokre få høgdemeter etter Strupen passerte eg et berg og gjekk til venstre opp eit skar. Etter dette gjekk eg litt til høgre og kom meg greitt opp til toppen. Gjekk heilt bort til varden på Grøskarfjellet.
Som gårsdagen var det litt tåke på toppen. Eg håpa at tåka skulle lette, slik at utsikta kom fram. Den letta delvis, men ikkje nok til at sola varma då eg var på toppen. Funderte også på om eg skulle gå vidare mot Daurmålsnipa og ned dalen mellom Grøskarfjellet og Daurmålsnipa. Eg valte å la vær på grunn av tåka. Gjekk samme veg tilbake og då eg kom ned til Strupen var alt av tåke vekke. Traff på eit par turgåarar som meinte at det skulle gå fint å gå ned i Botnen. Kanskje det vert neste gong?
Benutzerkommentare