Forsøk på Dyranibba frå Aksland (P-plass vest for tunnelen) (18.10.2021)
Written by Kaare_70
Planen om dagens tredje tur vart spontant til mens eg kjørte Ryfylkevegen heim, nemleg å få med meg Dyranibba ovanom Aksland som eg ikkje besøkte då eg var på Akslandsnuten tilbake i 2018. Eg parkerte på same staden vest for tunnelen og følgte den fine og bratte vegen/stien opp i Skåleskard, som gjekk unna på bare 25 min. Eg visste at det var kupert vestover mot toppen, og då eg etter ei stund fikk han i syne var blodsukkeret og motivasjonen sunkne såpass at eg innsåg at det beste var å snu med uforretta sak og heller koma tilbake med meir krefter. Etter retur same veg og nøyaktig 1 time på tur gjekk vegen vidare til Shell i Sandeid og ei saftig baconpølse.
User comments