Forsøk på Dyranibba frå Aksland (P-plass vest for tunnelen) (18.10.2021)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Planen om dagens tredje tur vart spontant til mens eg kjørte Ryfylkevegen heim, nemleg å få med meg Dyranibba ovanom Aksland som eg ikkje besøkte då eg var på Akslandsnuten tilbake i 2018. Eg parkerte på same staden vest for tunnelen og følgte den fine og bratte vegen/stien opp i Skåleskard, som gjekk unna på bare 25 min. Eg visste at det var kupert vestover mot toppen, og då eg etter ei stund fikk han i syne var blodsukkeret og motivasjonen sunkne såpass at eg innsåg at det beste var å snu med uforretta sak og heller koma tilbake med meir krefter. Etter retur same veg og nøyaktig 1 time på tur gjekk vegen vidare til Shell i Sandeid og ei saftig baconpølse.

Mot mektige Akslandsnuten, eit framifrå utsiktspunkt
Mot mektige Akslandsnuten, eit framifrå utsiktspunkt
Mot Dyranibba, hit men ikkje lenger denne dagen
Mot Dyranibba, hit men ikkje lenger denne dagen
Mot Fjetlandsnuten og Røssenuten på Ropeidhalvøya
Mot Fjetlandsnuten og Røssenuten på Ropeidhalvøya
Haustgul osp ovanom Aksland
Haustgul osp ovanom Aksland

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.