Daurmålsknuten og Skoredalsknuten (08.07.2020)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Berland (170m)
Endpoint Berland (170m)
Characteristic Hike
Duration 4h 30min
Map
Ascents Daurmålsknuten (544m) 08.07.2020
Mjåvassknuten (538m) 08.07.2020
Mjåvassknuten nord (536m) 08.07.2020
Skoredalsknuten (368m) 08.07.2020

Infoskilt og ein liten parkeringsplass i svingen ca 200 m før garden på Berland. Merka rute opp til Daurmålsknuten ved å følge grusvegen rett fram ca 500 m mot Mjåvatnet, og så ta til høyre på traktorveg oppover i bratt kulturlandskap. Der vegen slutter er det merka sti vidare opp til dalføret mellom Daurmålsknuten og Mjåvassknuten. Så dreier stien vestover i litt åpnere heiterreng over skoggrensa. Brukte ein god time til toppen der det er vardebok.
Fulgte stien ned igjen eit stykke før eg gjekk stilaust over Mjåvassknuten og ned til vestsida av Skoredalsknuten. Svake stier/ dyretråkk opp til denne toppen. Ned igjen kunne eg følge ein stedvis utydelig sti bratt ned til Mjåvatnet. Denne stien går trulig til Landsdal ved Ørsdalsvatnet. Frå utløpet av Mjåvatnet er det god grusveg langs Mjåvatnet tilbake til Berland. Lenger rundtur med same utgangspunkt til Ørnafjellet og en del til dagen etter.

Vegen mot Mjåvatnet.
Vegen mot Mjåvatnet.
Traktorveg bratt opp første del av ruta mot Daurmålsknuten.
Traktorveg bratt opp første del av ruta mot Daurmålsknuten.
Grei standard på traktorvegen.
Grei standard på traktorvegen.
Gjerdeklyver man må over der stien fortsetter ut i terrenget.
Gjerdeklyver man må over der stien fortsetter ut i terrenget.
På toppen av Daurmålsknuten. Ser nordaustover.
På toppen av Daurmålsknuten. Ser nordaustover.
Søraustover mot Mjåvassknuten og Skykula i bakgrunnen.
Søraustover mot Mjåvassknuten og Skykula i bakgrunnen.
På Mjåvassknuten. Ser aust-nordaustover.
På Mjåvassknuten. Ser aust-nordaustover.
Austover mot Skykula i bakgrunnen t.v.
Austover mot Skykula i bakgrunnen t.v.
På veg ned mot Skoredalsknuten som ses midt i bildet. Ørsdalsvatnet bak og t.h.
På veg ned mot Skoredalsknuten som ses midt i bildet. Ørsdalsvatnet bak og t.h.
På Skoredalsknuten. Åsmundstadfjellet/ Marsteinfjellet i bakgrunnen.
På Skoredalsknuten. Åsmundstadfjellet/ Marsteinfjellet i bakgrunnen.
Mot Glupefjellet på sørsida av Ørsdalsvatnet.
Mot Glupefjellet på sørsida av Ørsdalsvatnet.
Mjåvatnet og litt av Fossvatnet.
Mjåvatnet og litt av Fossvatnet.
Trebru i eit bratt og utsatt parti mellom Mjåvatnet og Skoredalsknuten.
Trebru i eit bratt og utsatt parti mellom Mjåvatnet og Skoredalsknuten.
Brua sett nedanfrå.
Brua sett nedanfrå.
Foss i den bratte fjellsida sør for Mjåvatnet.
Foss i den bratte fjellsida sør for Mjåvatnet.
Kryssa utløpsånå i søraustenden av Mjåvatnet.
Kryssa utløpsånå i søraustenden av Mjåvatnet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.