Daurmålsknuten og Skoredalsknuten (08.07.2020)
Written by kolla (Kolbjørn Tjessem)
Ascents | Daurmålsknuten (544m) | 08.07.2020 |
---|---|---|
Mjåvassknuten (538m) | 08.07.2020 | |
Mjåvassknuten nord (536m) | 08.07.2020 | |
Skoredalsknuten (368m) | 08.07.2020 |
Infoskilt og ein liten parkeringsplass i svingen ca 200 m før garden på Berland. Merka rute opp til Daurmålsknuten ved å følge grusvegen rett fram ca 500 m mot Mjåvatnet, og så ta til høyre på traktorveg oppover i bratt kulturlandskap. Der vegen slutter er det merka sti vidare opp til dalføret mellom Daurmålsknuten og Mjåvassknuten. Så dreier stien vestover i litt åpnere heiterreng over skoggrensa. Brukte ein god time til toppen der det er vardebok.
Fulgte stien ned igjen eit stykke før eg gjekk stilaust over Mjåvassknuten og ned til vestsida av Skoredalsknuten. Svake stier/ dyretråkk opp til denne toppen. Ned igjen kunne eg følge ein stedvis utydelig sti bratt ned til Mjåvatnet. Denne stien går trulig til Landsdal ved Ørsdalsvatnet. Frå utløpet av Mjåvatnet er det god grusveg langs Mjåvatnet tilbake til Berland. Lenger rundtur med same utgangspunkt til Ørnafjellet og en del til dagen etter.
User comments