Rundtur frå Jøldalshytta (24.09.2019)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 7h 24min
Distance 38.5km
Vertical meters 1,981m
GPS
Ascents Geithøtta vest (1,349m) 24.09.2019
Geithøtta M (1,322m) 24.09.2019
Geithøtta N (1,325m) 24.09.2019
Nordre Kjølen (1,292m) 24.09.2019
Svarthamran NNV (1,223m) 24.09.2019
Svarthamran NN (1,385m) 24.09.2019
Svarthamran Ø (1,390m) 24.09.2019
Svarthamran ØØ (1,428m) 24.09.2019
Svarthamran N (1,390m) 24.09.2019
Svarthamran NNØ (1,160m) 24.09.2019
Svarthøtta (1,548m) 24.09.2019
Søndre Kjølen (1,288m) 24.09.2019

Starta dagen med å fyre primus i teltet ved Jølvatnet for å få varma ein nase som var ganske kald etter klårversnatta. Med ein halvliter kaffe i kroppen, morgonsola i ansiktet og joggeskoa stramt snørt bar det innover Svartådalen langs raudmerka tursti. Følgde skilting mot Trollheimshytta og etterkvart mot Geithetta. Godt merka sti som er umuleg å bomme på.

Frå dagens første smultring, Geithøtta N, var det slutt på privilegiet med å kunne følgje sti og merking. Hadde på førehand plotta dagens knappenåler på GPS-klokka, så einaste navigasjonsutfordringa var å finne enklaste veg mellom punkta. Dagen vart brukt til nokre gode, og nokre ikkje fullt så gode vegval, mykje grunna snøfonner med dårleg bæreevne. Trødde gjennom og ned i steinur fleire gonger, men unngjekk dei store skadane, men unntak av litt såre leggar og anklar.

Frå toppen av Svarthøtta vart ruta lagt søraustover og ned mot to lettkjøpte smultringar i Søndre og Nordre Kjølen, og deretter ned mot stien tilbake til Jøldalshytta.

Brukte litt tid på å grave fram motivasjonen for å pakke saman telt og utstyr, for så å sale opp storsekken og traske dei knappe fem kilometrane mot bilen etterpå.

Utsikt frå dagens første smultring, Geithøtta N
Utsikt frå dagens første smultring, Geithøtta N
Det tek nok ei stund før ein kan krysse av alle tusenmetringane i Trollheimen...
Det tek nok ei stund før ein kan krysse av alle tusenmetringane i Trollheimen...
Mot Svarthøtta, vel vitande om at det er eit godt stykke ned til Jøldalshytta
Mot Svarthøtta, vel vitande om at det er eit godt stykke ned til Jøldalshytta

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.