Rundtur frå Jøldalshytta (24.09.2019)
Geschrieben von aarvag (Steinar Aarvåg)
Besteigungen | Geithøtta vest (1.349m) | 24.09.2019 |
---|---|---|
Geithøtta M (1.322m) | 24.09.2019 | |
Geithøtta N (1.325m) | 24.09.2019 | |
Nordre Kjølen (1.292m) | 24.09.2019 | |
Svarthamran NNV (1.223m) | 24.09.2019 | |
Svarthamran NN (1.385m) | 24.09.2019 | |
Svarthamran Ø (1.390m) | 24.09.2019 | |
Svarthamran ØØ (1.428m) | 24.09.2019 | |
Svarthamran N (1.390m) | 24.09.2019 | |
Svarthamran NNØ (1.160m) | 24.09.2019 | |
Svarthøtta (1.548m) | 24.09.2019 | |
Søndre Kjølen (1.288m) | 24.09.2019 |
Starta dagen med å fyre primus i teltet ved Jølvatnet for å få varma ein nase som var ganske kald etter klårversnatta. Med ein halvliter kaffe i kroppen, morgonsola i ansiktet og joggeskoa stramt snørt bar det innover Svartådalen langs raudmerka tursti. Følgde skilting mot Trollheimshytta og etterkvart mot Geithetta. Godt merka sti som er umuleg å bomme på.
Frå dagens første smultring, Geithøtta N, var det slutt på privilegiet med å kunne følgje sti og merking. Hadde på førehand plotta dagens knappenåler på GPS-klokka, så einaste navigasjonsutfordringa var å finne enklaste veg mellom punkta. Dagen vart brukt til nokre gode, og nokre ikkje fullt så gode vegval, mykje grunna snøfonner med dårleg bæreevne. Trødde gjennom og ned i steinur fleire gonger, men unngjekk dei store skadane, men unntak av litt såre leggar og anklar.
Frå toppen av Svarthøtta vart ruta lagt søraustover og ned mot to lettkjøpte smultringar i Søndre og Nordre Kjølen, og deretter ned mot stien tilbake til Jøldalshytta.
Brukte litt tid på å grave fram motivasjonen for å pakke saman telt og utstyr, for så å sale opp storsekken og traske dei knappe fem kilometrane mot bilen etterpå.
Benutzerkommentare