Kinn & legendariske dager! Western Stars... (15.06.2019)
Written by Eikås (Janne Eikås)
Start point | Stølsvika/Kinn (1m) |
---|---|
Endpoint | Kinn (2m) |
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 1h 33min |
Distance | 5.5km |
Vertical meters | 685m |
GPS |
![]() ![]() |
Ascents | Kinnafjellet (315m) | 15.06.2019 |
---|---|---|
Søre Stauren (223m) | 15.06.2019 |
Fantastiske sommer dager her vest!
Denne helga har også Bruce Springsteen publisert sitt nye fantastiske album.
Dagens plan etter kartet var å starte ifrå den sør/vestlige side av Kinn og Stølsvika. Først oppom merka rute til Søre Stauren 223 m for så å vurdere om det var mulig vidare å ta seg opp mot høgste toppen Kinnafjellet 315 ifrå Høyskaret. Etter å ha studert kartet kunne det også sjå ut til at det kunne gå...Vidare gjekk turen til ein heller tvilsom solo toppbestigning, Nordre Stauren. Ingen overraskelse at det vart snu under toppen her, men greit å ha studert terrenget til eit seinare høve. Renna ifrå Høyskaret opp til Kinnafjellet 315 m vart nesten ein snutur også. Men med litt ro og vurderingar kom eg meg opp og bestemte meg for å ikkje retunere nedatt. Eindel laus stein og bratte sleipe klyvepunkt var grunnen. Superfint var det då å kunne jogge turstien nedatt på den andre sida, for så å bli henta der :) Kinn er ei skattekiste av nydelig natur og historie. Eg var på den rette tida av året. Det i starten av juni til ei ganske så frodig tid! Nydelige irrgrøne fjellsider, blomsterprakt, steile fjell rett i havet og til tider ganske så krevjande vestlige havstykker.





https://www.youtube.com/watch?v=5Znm1KwmPhA
Eigen oppskrift på Lyre gourmet middag!
1 stk lyr ifrå det vestligaste farvatn. Du treng ikkje å ha fiska den sjølv! Det held å ha ønske seg seg ein stor fin lyr. :) Filetere lyren i fine stykker til steiking på steikepanna i melange eller oliven olje, ilag med sjarlott lauk.
5 dl Sunniva appelsin Juice
3 gulerøtter, fire poteter, 1 brokkoli - Del i fine skiver og kok i Juicen til ferdig kokt.
Kremsaus:
Kok sammen 1 pk urtekremost, 2 dl fløyte, 1 dl juice etter potet og gulerot koking, 2 stk finhakka kvitløk båter og 2 små finhakka vårlauk.
Passer ypperleg i godt selskap :)
User comments