Kinn & legendariske dager! Western Stars... (15.06.2019)

Geschrieben von Eikås (Janne Eikås) GSM

Startpunkt Stølsvika/Kinn (1m)
Endpunkt Kinn (2m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 33min
Entfernung 5,5km
Höhenmeter 685m
GPS
Besteigungen Kinnafjellet (315m) 15.06.2019
Søre Stauren (223m) 15.06.2019

Fantastiske sommer dager her vest!
Denne helga har også Bruce Springsteen publisert sitt nye fantastiske album.

Dagens plan etter kartet var å starte ifrå den sør/vestlige side av Kinn og Stølsvika. Først oppom merka rute til Søre Stauren 223 m for så å vurdere om det var mulig vidare å ta seg opp mot høgste toppen Kinnafjellet 315 ifrå Høyskaret. Etter å ha studert kartet kunne det også sjå ut til at det kunne gå...Vidare gjekk turen til ein heller tvilsom solo toppbestigning, Nordre Stauren. Ingen overraskelse at det vart snu under toppen her, men greit å ha studert terrenget til eit seinare høve. Renna ifrå Høyskaret opp til Kinnafjellet 315 m vart nesten ein snutur også. Men med litt ro og vurderingar kom eg meg opp og bestemte meg for å ikkje retunere nedatt. Eindel laus stein og bratte sleipe klyvepunkt var grunnen. Superfint var det då å kunne jogge turstien nedatt på den andre sida, for så å bli henta der :) Kinn er ei skattekiste av nydelig natur og historie. Eg var på den rette tida av året. Det i starten av juni til ei ganske så frodig tid! Nydelige irrgrøne fjellsider, blomsterprakt, steile fjell rett i havet og til tider ganske så krevjande vestlige havstykker.

Kveld ved Batalden. Ymse vestlandsk sommerver!
Kveld ved Batalden. Ymse vestlandsk sommerver!
Fantastisk solnedgang!
Fantastisk solnedgang!
Frukoster som dette er gullfølelsen! Ein god start med tida til å nyte roen og opplevelsane over dagen som er tenkt!
Frukoster som dette er gullfølelsen! Ein god start med tida til å nyte roen og opplevelsane over dagen som er tenkt!
Lørdag idag! Ein tur først innom den lokale kjøpmann å kjøpe is ved Rognaldsvåg/Reksta
Lørdag idag! Ein tur først innom den lokale kjøpmann å kjøpe is ved Rognaldsvåg/Reksta
Kinnakloven/ Nordre Stauren-Søre Stauren og Kinnafjellet 315 moh
Kinnakloven/ Nordre Stauren-Søre Stauren og Kinnafjellet 315 moh
Nordre Stauren 197 moh ved Kinn
Nordre Stauren 197 moh ved Kinn
Fremstre del Nordre Stauren 197 moh ved Kinn. Måtte gi meg ved eit utsatt klyvepunkt mot toppen. Den satt langt inne! Men eg er ganske så sikker på at eg valgte rett her! Om vi hadde vore to uten sikring, hadde eg valgt det samme!

Ikkje så aller verst å ha ein som bringer og henter ein der ein måtte ønske! Tusen takk :)
Ikkje så aller verst å ha ein som bringer og henter ein der ein måtte ønske! Tusen takk :)
Med start ifrå Stølsvika
Med start ifrå Stølsvika
Ifrå toppen av Søre Stauren 223 moh mot neste mål Nordre Stauren 197 m. Ved å studere ryggen opp! Kunne det kanskje gå å komme seg opp. Men, eg hadde ingen forhåpninger til å nå denne toppen åleine, uten kanskje å ta sjangser.

Høyskaret
Høyskaret
Mot Nordre Stauren 197 m
Mot Nordre Stauren 197 m
Under toppen av Nordre Stauren 197 m. To og tre runder med meg sjølv!! Sikkerheit vart mitt valg i dette utsatte klyvepunktet. Eg valgte å retunere vidare til neste turmål Kinnafjellet 315 m
Under toppen av Nordre Stauren 197 m. To og tre runder med meg sjølv!! Sikkerheit vart mitt valg i dette utsatte klyvepunktet. Eg valgte å retunere vidare til neste turmål Kinnafjellet 315 m
Ved Nordre Stauren 197 m.
Ved Nordre Stauren 197 m.
Ifrå Kinnafjellet 315
Ifrå Kinnafjellet 315
Idyllisk ved Kinnafjellet 315
Idyllisk ved Kinnafjellet 315
Kinnafjellet 315 m og med Kinnakloven- Søre & Nordre Stauren
Kinnafjellet 315 m og med Kinnakloven- Søre & Nordre Stauren
Bergart her er sandstein med Konglemerat
Bergart her er sandstein med Konglemerat
Messinglaven er utruleg dekorativ
Messinglaven er utruleg dekorativ
Med fiskelykke!! Vart det jammen eit nydelig måltid med den ferskaste sprøsteikte lyr. Mitt favoritt og gourmet måltid <3
Med fiskelykke!! Vart det jammen eit nydelig måltid med den ferskaste sprøsteikte lyr. Mitt favoritt og gourmet måltid <3
Med fiskelykke her på dei vestligaste øyer!
Med fiskelykke her på dei vestligaste øyer!
Sommer & solnedgang med ei øy for seg sjølv!
Sommer & solnedgang med ei øy for seg sjølv!
Sommer & soloppgang kl 03 med ei øy for seg sjølv!
Sommer & soloppgang kl 03 med ei øy for seg sjølv!
Morgenstemning etter ein fantastisk sommerkveld med solnedgang! Sånn er det her vest!
Morgenstemning etter ein fantastisk sommerkveld med solnedgang! Sånn er det her vest!

https://www.youtube.com/watch?v=5Znm1KwmPhA
Eigen oppskrift på Lyre gourmet middag!

1 stk lyr ifrå det vestligaste farvatn. Du treng ikkje å ha fiska den sjølv! Det held å ha ønske seg seg ein stor fin lyr. :) Filetere lyren i fine stykker til steiking på steikepanna i melange eller oliven olje, ilag med sjarlott lauk.

5 dl Sunniva appelsin Juice
3 gulerøtter, fire poteter, 1 brokkoli - Del i fine skiver og kok i Juicen til ferdig kokt.

Kremsaus:
Kok sammen 1 pk urtekremost, 2 dl fløyte, 1 dl juice etter potet og gulerot koking, 2 stk finhakka kvitløk båter og 2 små finhakka vårlauk.
Passer ypperleg i godt selskap :)

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.