Abrahamvollen

Name Abrahamvollen
Search name Abrahamvollen
Type Sight
Elevation 337 meter
Region Steinkjer
Parent regions Europe, Norway, Norway mainland, Trøndelag
Adviser admin (Administrator)
Last modification 27.05.2018
Coordinates 32V 635902 7096634 (UTM)
Map Show object on map
Content
Language
Adviser none
Statistics

Register visit of Abrahamvollen.

Overall 3 members have registered 3 visits of Abrahamvollen.

Abrahamvollen er oppkalt etter Abraham Pederssøn Bakkhaug eller Abraham Fjelli (1817–1893) (?) var ein «Rydningsmand Tjærebrænder» på Bakkhaugen i Sparbu.

Abraham Fjelli er namngjeten for å ha gått på sine bein to gongar til den svensk-norske unionskongen i Stockholm for å hevde rettane sine til å take trevyrke i skogen mot dei lokale styresmaktenes vilje, og difor vart det på 1980-1990-talet lagd ei teaterframsyning om han som vart framførd i friluft oppe på fjellet mellom Ogndal og Henning.

Frå midt på 1800-talet budde Abraham Fjelli på Bakkhaugan nordaust for Åksjøen. Dei som budde her var etterkommarar av gruvearbeidarane i Mokk gruver i Ogndal og stod lågare på rangstigen enn husmenn. Dei fekk slå graset på myrane, og hogge tre som forstmannen blinka ut til dei. Abraham Fjelli lagde traug av treyrkjet han fekk, og sønene hans brende tjære i miler inne på fjellet.

Abraham kom i konflikt med forstvesenet, særleg forstmann Nicolay Martens på Steinkjer, då han hadde hogd tre utan løyve. Han hevda retten sin, og gjekk etter det folk seier til kongen i Stockholm for å legge fram saka si. Han fekk medhald, og eit brev som viste at han hadde rett til å hogge dei trea han ville ha. Dette godtok ikkje forstvesenet, og Abraham Fjelli gjekk ein tur til. Denne gongen var det ein ny konge av Norge og Sverige, og han fekk ikkje medhald.

Trip Reports

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext: