Flora: Øyane, del 2 Svanøya (13.06.2020)


Start point Dalen (20m)
Endpoint Våg (20m)
Characteristic Hike
Duration 1h 51min
Distance 8.3km
Vertical meters 474m
GPS
Ascents Kvalstadfjellet (151m) 13.06.2020
Vågsfjellet (235m) 13.06.2020

Med meg på denne turen fekk eg lokalkjent Anders Espeset. Det var nok lurt, slapp å lure på kvar ein skulle gå. Det er fine stiar berre ein er klar over kvar ein finn dei. Nokre parti er ganske nymerka og ikkje skikkeleg inntrakka enno. Vi starta ved huset til Anders og familien hans og avslutta ved skulen på Våg der vi vart henta for å rekke middag. Eg anbefaler denne rundturen. Det er heller ikkje langt å gå frå/til ferjekaia, slik at ein klarer seg utan bil dersom ein vil gå rundtur. Vanlegvis har ein god tid her ute sidan avgangene ikkje er veldig hyppige. Ein anna variant er å ta med sykkel og ta begge frå Kvalstad slik eg opprinneleg hadde tenkt. Følg då GPS-sporet, det er dei beste og kjappeste stiene. Utsikta frå Kvalstadfjellet er begredelig pga skog, men ta turen ut til Nova så får ein utsikt.

Postkasse og skilting i Trollaskaret mellom Storåsen og Strandsbøåsen.
Postkasse og skilting i Trollaskaret mellom Storåsen og Strandsbøåsen.
Vi fulgte sti mot Nova, utkikkspunktet ved Kvalstadfjellet
Vi fulgte sti mot Nova, utkikkspunktet ved Kvalstadfjellet
Anders skriv oss inn i boka.
Anders skriv oss inn i boka.
Innhegning på Nova for å halde hjorten ute. Dette er eit forskningsprosjekt for å sjå kva som skjer der hjorten kan beite/ikkje beite.
Innhegning på Nova for å halde hjorten ute. Dette er eit forskningsprosjekt for å sjå kva som skjer der hjorten kan beite/ikkje beite.
Vågsfjellet, Mot Skorpa og Batalden
Vågsfjellet, Mot Skorpa og Batalden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.