Med meg på denne turen fekk eg lokalkjent Anders Espeset. Det var nok lurt, slapp å lure på kvar ein skulle gå. Det er fine stiar berre ein er klar over kvar ein finn dei. Nokre parti er ganske nymerka og ikkje skikkeleg inntrakka enno. Vi starta ved huset til Anders og familien hans og avslutta ved skulen på Våg der vi vart henta for å rekke middag. Eg anbefaler denne rundturen. Det er heller ikkje langt å gå frå/til ferjekaia, slik at ein klarer seg utan bil dersom ein vil gå rundtur. Vanlegvis har ein god tid her ute sidan avgangene ikkje er veldig hyppige. Ein anna variant er å ta med sykkel og ta begge frå Kvalstad slik eg opprinneleg hadde tenkt. Følg då GPS-sporet, det er dei beste og kjappeste stiene. Utsikta frå Kvalstadfjellet er begredelig pga skog, men ta turen ut til Nova så får ein utsikt.
Benutzerkommentare
Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.
Benutzerkommentare