Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Bermålsnosi og Vetanosi

Date:
06.09.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
20.4km

Fin tur med Marita på tidleg haust. I dag var vi spent på ver og forhold. Det har regna mykje i det siste, men skulle bli opphald frå kl.13 og sol frå kl. 15 vel så. Sola kom fyrst kl. 18, på tur nedatt i furuskogen. Då vart det ein tur i tåke. Frå 1000 moh. ved Storeskar og inn mot Bermålsnosi var det sikt ca. 40 - 60 meter heile dagen. Men det gikk for så vidt greitt sidan eg har gått turen eit par gonger tidlegare. Det var godt å ha Peakbook-appen som GPS innover, sjølv om ein måtte zoome mykje ut for å sjå kartet. GPS-en hadde eg lagt att i dag, fordi eg forventa at det skulle lette opp når vi kom bortover fjellet. Ikkje så smart, då ein bør ha beredskap. Men to telefonar, og diverse appar er til hjelp. På returen gikk eg oppom Vetanosi for å få ein topp til, medan >>>

Map    

Tissedalsvarden

Date:
27.08.2020
Distance:
12.0km

Ettermiddagstur med Marita frå Aurlandsfjellet. Greitt å ha denne sommarvegen, slik at ein lett kjem seg opp på fjellet. Finfin tur innover i mektig høgfjell mot Tønjum. Store varden er no på SjekkUt. I Lærdal er no 65 turpostar på denne plattforma. På denne ruta er det sti inn mot Tissedalsvatnet. Vidare lyt ein finne ei fin rute mot toppunktet. På returen såg vi to sauer som såg stille ut, og hadde noko blod på hovudet. Rapporterte til grunneigar. Fekk seinare beskjed på at sauene vart funne, og sanka inn. Sannsynlegvis angrepe av anna dyr. Godt å lufte seg i frisk haustluft.

Map    

Berdalen - Høganos

Date:
15.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
15.0km

Fin ettermiddagstur til topp i Lærdal. Ein går på merka tursti frå tavle 200 meter under garden Stødno. Ved den flotte fossen i Lærdal. Det er fleire sti-dele, sidan mange ruter er merka her. Ein går mot Åsen, så mot Lusahus, og så mot Berdalen. I stikryssa føl ein retninga mot turmålet. Stølen Berdalen er grøn og frodig, og har ei særleg fin utsikt mot dalføra, og flotte høge toppar i kommunen. Ikkje minst mot Bleia. Vidare går ein inn Berdalen, stadig lett stigande mot turmålet. Føl du med i starten, så finn du sti/trakk heilt inn i botn, og litt i stigninga som møter deg der. Inn mot botn har du kryssa elva. Så er det å finne ei fin rute i brattare terreng opp frå botn. Når det flatar ut att, må ein sikte på høgaste toppen. Ein stor varde viser deg toppen. Fantastisk >>>

Map    

Torfinnsbu til Bygdin via 8 toppar

Date:
11.07.2020
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
22.7km

Langtur med avgang MB Bitihorn kl 7:20. Fin båttur på Bygdin inn til Torfinnsbu. Nydeleg å sjå Kalvehølotind og Torfinnstind frå båten. Så var det å gå forsiktig oppover lyngrabber, og prøve å finne ei god rute. Det gikk greit. Litt kald vind om morgonen. Vi var spent på fyrste klyvepunktet (grøn trekant 1). Det gikk greitt, men var brattare enn forventa. Hadde kvia meg nedatt denne. Vi utforska ikkje omgåinga til venstre. Andre bratta (grøn trekant 2) med kort klyvepunkt var heilt greitt. Lettare terreng, til ura siste knapt 200 høydemeter. Og her byrja snøen. Eit vakkert fjell å bestige, Nørdre Kalvehølotind. Vidare var det nytrødde spor som gjorde det lettare. Opp mot Midtre Kalvehøgde, og så litt opp og ned småskar før vi stod på Vestre Kalvehøgde. Litt snø >>>

Map     2 comments

Grånosi, Sjønosi og utsikt

Date:
04.07.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
10.8km

Utsikta frå Sjønosi i Lærdal må opplevast. I dag var ein perfekt dag, med sol, men ikkje for høg temperatur. Marita hadde hovudmål Sjønosi, og eg vart villig med. Det er merka heilt fram til målet Sjønosi. Ruta føl stølsveg frå like over Helland i Erdal og til Glep, 850 moh. Dette er ein svært vakker støl. Ruta vidare fører ein inn i flott grøn og vakkert terreng med nydeleg vegetasjon. Lyng og mose med flotte fargar. Vi måtte ha med topp, sjølv om denne var grøn. Og utsikta opp mot Grånosi 1209, og frå varden var formidabel. Eg talte 13 stk. 100 pm. toppar i Lærdal kommune rundt om. På toppen brukte vi tida og kosa oss med utsikta og litt fotografering. Følgde så ryggen delvis, og sikta oss inn på Sjønosi. Her kosa vi oss ein halvtime, og åt resten av matpakka. >>>

Map    

Helgenosi og Raudnosi

Date:
01.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
21.2km

Frå plan A om fire Lærdalstoppar blei det plan B og to nye toppar. Starta i Hola i Råsdalen, på ca. 550 moh. Bratt opp, og inn den lange tronge Vindhelladalen. Fint, men mykje tilvakse kratt og ei ur. Det hadde regna om natta, så ikkje den beste dagen for denne turen. Vel oppe ved Hadletjørn, vart det stopp på plan A. Baska i grovt vier-kratt ved osen, over nokre småelvar. Då eg kom til hovudelva, måtte eg kapitulere. For djupt, og for stritt. Ja-ja. Gjennomblaut på føtene, då eg alt hadde trakka til knes. Då vart det plan B, og på trass av sokkeskift, ein lang dag med blaute sko. Fint vidare opp bratta, og skrådde i ein naturleg boge mot Helgenosi. Prøver å gå reasjonelt, då det er mange småryggar og haugar. Møtte ein god regnkave, så opphald, sol i 2 min, før det kom >>>

Map     2 comments

Fodnes-Vetanosi-Lærdal

Date:
26.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.8km

Kveldstur frå Fodnes ferjekai til Lærdal. Tur via ein 100 pm. topp i Lærdal. Frå Fodnes går det sti oppover åsen i svalande furuskog. Noko sva til å byrja med, men mykje god mjuk sti. Det er turmål ved St. Olavskjelda på ca 380 moh. og utsiktspunktet Stegen (565 moh.). Der er det flott utsikt både innover og utover fjorden. Utpå kanten ved Stegen ser ein den nesten loddrette fjellveggen frå kanten av Vetanosi og ned i fjorden. Mindre dramatisk er sjølve toppen, som er heilt flat. På turen vidare frå Stegen, føl ein merka ruta til Fagerset, og som også er merka vidare via Storeskar, føl gamal telefonlinje med flotte murar over til Åsen i Lærdal, og vidare til Stødno. Men i dag nytta eg ei anna rute. Frå ca. 700 moh. går eg rett opp i staden for å dreie bortover mot Fagerset. >>>

Map    

Nyborg

Date:
22.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.2km

Tur utan topp denne gongen. Det pleier å vere eit prinsipp for meg å ikkje ta inn på Peakbook, men. Det ulma ein plan om eit toppbesøk, men vi kom til at det var for langt på dag, sidan det var jobb i morgon. Fin kveldstur lokalt.

Map    

Blåskavlen II

Date:
14.06.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
3:00h
Distance:
13.0km

Då vart det den andre turen til Blåskavlen på ei veke. Fantastisk. Onsdag spontant tur med Lærdal turlag der vi var 10 stk. I dag saman med Yngve, mann til niesa mi. Fin gange innover med småkneikar, som ein kunne gå rett opp. På toppen tok vi oss tid, sette oss i ly 100 meter nedanfor varden. Såg ein flik av Aurlandsfjorden, pluss fantastisk fjordlandskap. og panoramaet her oppe er veldig flott. Tilbake til varden møtte vi tre kvinner som hadde gått frå Aurland-sida, opp flanken ved Prest. Lettkuppert, og tre gode nedkøyringar på returen, der vi tok ein flanke i retning mot Kvammadalen, og fekk nokre gode svingar pluss. Då vart det litt meir jabbing motbakke, med det er god valuta. Finfin tur med Yngve.

Map    

Snøvegen og Tissedalsvarden

Date:
13.06.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
12.9km

Fin sommarskitur med Lærdal turlag. Turen var utsett frå tidlegare grunna dårleg vêr. Heile 14 glade skifolk vart med på denne rolege fine turen langt uti juni. Veldig kjekt. Til og med kjønnsbalansen var lik med sju av kvar. Snøvegen i Lærdal bør bli kjend for fleire. Dette fjellet har mykje snø, og det er fort å komme seg opp i 1300 meters høgd over havet, både frå Lærdal og Aurland. Terrenget innover var lettkupert og flott. Vi tok rast i ly av ein haug. Vinden var merkbar i dag, og det einaste som mangla på heilt perfekt tur. Etter kvart kjem ein inn til Tissedalsvatnet, så tek ein opp i litt meir nordleg retning. Svak stigning i fin boge. Fin nesten flate innover, til ein står ved den store varden. Denne varden er perfekt, stor med ein svak vinkel ut, som ein pokal. Så >>>

Map     2 comments