Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Amleholten

Date:
12.06.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
5.0km

Kjapp trimtur på veg heim frå tjenestereise. Veldig fin denne runden i skogen mellom Amla og Festingdalen. Tok ei litt anna rute enn til vanleg, på det siste stykket opp ryggen mot toppen.

Map    

Areberg og Gravehovdane

Date:
08.06.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.9km

Kombinerte Lærdal turlag sin stølstrim, med ein topptur i dag. Meldt regn på ettermiddag, og mogeleg snø på toppane, så eg planla og komme på god veg med retur, før det tunge regnværet skulle komme. Det heldt, og med ei god regnbyge siste kvarteret. Det er god skogsveg til å byrja med. Grunneigar har lagt om på stien slik at den ikkje går om Engi, noko som er eit godt tiltak. Då får dyra der meir ro og fred. Ein time og 5 min opp til den flotte "oransjefarga" steinhytta på Areberg. Og utsikta ned i Nesdalen herifrå er fantastisk. Sjekka ut Stølstur-posten på Ut-appen. Vidare var det sti til ca. 1100 moh., m.a. paserte eg stølsmurar ved ca. 1050. Så var det å finne ei god rute opp mot toppen. Fekk litt sol også innimellom. På returen kom det ein liten snøkave. >>>

Map    

Inste Håsteinen og Høydalsnipa

Date:
31.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.9km

Kombinerte jobbærend i Førde og noko avspassering. Håsteinen har eg sikla på eit par år. Det eg ikkje fekk, var utsikt frå toppen, sidan skodda hang ved. Likevel var det natur og variasjon som gjorde turen flott i alle fall. Kom frå nordsida, og tok av ved P-skilt. Om lag 300 meter opp mot gardane, var det tilrettelagt parkeringplass med Vipps-betaling kr 60. Skilta til turmålet, og nytt skilt på sti til høgre litt før ein gard. Det oversåg eg desverre, og rota meg opp på tunet. Stien fekk meg til bru, og over elva. Vidare ein god etappe med gards- og traktorveg til pilskilt. Så gjennom skog og utmark til grind, og sti opp til ny bru. Etter bru var det trakk rett fram, og sti til høgre. Eg følgde sist-nemnde. I ettertid vist det seg at det ikkje var ruta som var gps-merkt på >>>

Map     2 comments

Klantenovi 7

Date:
27.05.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
4.0km

Map    

Buskefjellet

Date:
18.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
1.2km

Tur nr. 4 i dag. Ein topp bør ha namn av ei årsak. Denne har, og i tillegg ruta som eg gikk til og frå. Tilrår ikkje å følgje sporet mitt. Sannsynlegvis er det betre å gå på sørsida av fjellet om ein kjem frå vest. Det ser også ut som om det er ein sti frå aust-sida. Korleis den er, veit eg ikkje noko om. Eg trudde det var ein god ide å gå i mellom toppane og rett på. Frå start var det lyng ein seig ned i. Så einebusker på over to meter. Så nokre store steinar, hol og ulenda av ei anna værd. Ja-ja, eg kom da opp, og siste par hundre meter til toppen, var det greitt. Nedatt følgde eg faktisk ein sti til ca. 90 % av ruta. Problemet var at ned frå fjellet var det så attgrodd, at eg ein stad kraup inni/under ei einer-busk, for å komme forbi. Og i det eg var forbi, hengde >>>

Map    

Brurastakken

Date:
18.05.2024
Characteristic:
Jogging
Distance:
1.6km

Før tur nr. 3 i dag, køyrde vi ned ved moloen på Herland. Rusla og fotograferte litt. Då vi skulle køyre att, ser vi ei dame med hund, som eg dreg kjensel på. Kven andre enn Reni Herland, møter ein tilfeldig på Herland ? Kjenner henne frå tidlegare i jobb-samanheng. Artig treff, då ho ikkje bur, men har vakse opp her. Køyrde så opp til sti-start ved høgda. Kan nemnast at det sikkert hadde vore ein finare tur å gå denne frå Herland og opp fjellryggen. Frå stistart som eg nytta var det knapt 10 min. opp til Brurastakken. Nydeleg utsikt. Også innover fjella, og til alle småholmane sør-vest. Gikk også bort til Skardvikenova. Her var "SjekkUt". Det var også ein benk med flott utsikt til Tvibyrge og Alden. Dei to øyane må eg nok besøkje ei annan gong.

Map    

Høgeskolten

Date:
18.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.1km

Tur to i dag. Her også var det merka fint med staurar og vardar med blå måling. Difor lett, og elles hadde det vore vanskeleg å finne fram i dette ulendte kyst-terrenget. Vekselsvis sva og sti å gå på. Etter dagar med turr-vèr var det greitt med låge sko, også her. Då eg kom opp til den realtivt store installasjon for "El-signal", merka eg meg at den var måla i mørk grøn farge. Svært positivt, då den slik ikkje viser særleg i terrengen på avstand. Vidare på sti som går mot Gjervik. Kjapp avstikkar opp på Høgeskolten. Ser at dei to toppane oppå her har same høgd, 307 meter. Kven som er høgast, veit ikkje eg. Nedatt tok eg ei meir direkte linje. Sikkert ikkje mykje å spare, men alltid moro med variasjon. Delvis på sti eit par hundre meter før tangering av >>>

Map    

Hovden

Date:
18.05.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
2.8km

Lett tur på godt merka sti. Godt tak i vinden på toppen, men varmt i vèret i dag. Ein benk var sett ut oppå flata ved toppen, retta mot Alden Nydeleg utsikt rundtomkring. Mot Alden, og hakket i Kinnaklova vist godt herifrå. Flott også inn austover. Nedatt møtte eg to karar, ein med ei jente på skuldra. "Har du vore på tur" spurte ho tilitsfult. "Ja, fin tur, svara eg smilande". Då eg var tilbake til parkeringsplasen, kom det tre bilar til. Ikkje uventa er nok dette eit mykje nytta turmål på øya.

Map    

Moldurda og Dokka

Date:
17.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.5km

Start frå parkeringa ved vassverket i Holmedal. På merka sti opp mot dagsturhytta. Derifrå vidare på sti-nett ei kort stund, før eg kom til kryss skilta Moldurda. Det var ei positiv overrasking, sidan eg forventa å finne vegen til topps derifrå sjølv. Lett oppover til eit parti i flanken som var bratt ca. 150 h.m. Til sist flata det ut til stor varde nedom toppen. Litt lenger vest ein liten varde og høgast punkt på fjellet, som er relativt flatt her oppe. Fin utsikt frå toppen. Registrerte "SjekkUt" og skreiv i turboka i postkassa. Erfarar at uventa få nyttar "SjekkUt" som registrering av turmål rundt om. Nesten alle skriv i boka. Eg tykkjer det er kjekt å kunne bla tilbake i UT-appen for å sjå på turane mine. På Peakbook loggar eg berre toppar. Det er >>>

Map    

Fløyen

Date:
17.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.2km

Innertiar av ein fjelltur. Nydeleg og variert tur-løype, og utsikt til spennande og vakker natur. Parkerte ved Dalsfjordbrua nord. Fullt på parkeringa, men lirka bubilen på plass på grusvegen nedover. Utan å blokkere sjølvsagt. Fyrst litt opp, vel 60 moh., men måtte ned nesten til fjorden, før det steig att. Når eg dreia vest i stikryss Fossedalen og Nipebu, var eg på ruta mot Fløyen. Fin sti, ei trapp, og kjetting til sikring eit par stader. Sett bort frå nokre kneikar jamn fin sti til 500 moh. No vart det opp ryggen, og nokre få klyvepunkt, men aldri vanskeleg. På toppen var det 5 personar, og eg møtte også ein på tur ned. Heilt fantastisk utsikt her oppe. Tok bilder, kika rundt og naut dagen. Nedatt storkosa eg meg, veldig nøgd med valet av tur på grunnlovsdagen :) Så >>>

Map