Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lieblingsgipfel

Nyborg

Datum:
22.06.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
5,2km

Tur utan topp denne gongen. Det pleier å vere eit prinsipp for meg å ikkje ta inn på Peakbook, men. Det ulma ein plan om eit toppbesøk, men vi kom til at det var for langt på dag, sidan det var jobb i morgon. Fin kveldstur lokalt.

Karte    

Blåskavlen II

Datum:
14.06.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
13,0km

Då vart det den andre turen til Blåskavlen på ei veke. Fantastisk. Onsdag spontant tur med Lærdal turlag der vi var 10 stk. I dag saman med Yngve, mann til niesa mi. Fin gange innover med småkneikar, som ein kunne gå rett opp. På toppen tok vi oss tid, sette oss i ly 100 meter nedanfor varden. Såg ein flik av Aurlandsfjorden, pluss fantastisk fjordlandskap. og panoramaet her oppe er veldig flott. Tilbake til varden møtte vi tre kvinner som hadde gått frå Aurland-sida, opp flanken ved Prest. Lettkuppert, og tre gode nedkøyringar på returen, der vi tok ein flanke i retning mot Kvammadalen, og fekk nokre gode svingar pluss. Då vart det litt meir jabbing motbakke, med det er god valuta. Finfin tur med Yngve.

Karte    

Snøvegen og Tissedalsvarden

Datum:
13.06.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
12,9km

Fin sommarskitur med Lærdal turlag. Turen var utsett frå tidlegare grunna dårleg vêr. Heile 14 glade skifolk vart med på denne rolege fine turen langt uti juni. Veldig kjekt. Til og med kjønnsbalansen var lik med sju av kvar. Snøvegen i Lærdal bør bli kjend for fleire. Dette fjellet har mykje snø, og det er fort å komme seg opp i 1300 meters høgd over havet, både frå Lærdal og Aurland. Terrenget innover var lettkupert og flott. Vi tok rast i ly av ein haug. Vinden var merkbar i dag, og det einaste som mangla på heilt perfekt tur. Etter kvart kjem ein inn til Tissedalsvatnet, så tek ein opp i litt meir nordleg retning. Svak stigning i fin boge. Fin nesten flate innover, til ein står ved den store varden. Denne varden er perfekt, stor med ein svak vinkel ut, som ein pokal. Så >>>

Blåskavlen

Datum:
10.06.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
13,0km

Lærdal turlag arrangerte spontan-tur via Facebook dagen før. Vi var 8 i følgje, pluss to som kom etter avtale litt etterpå. Det var lagt opp til å gå frå Trollahaug 1250 moh. Denne ruta var ny for meg, då vi pleier gå frå Modlaugsbotn om vinteren. Om sommaren går vi til vanleg frå høgaste pkt. på fjellevegen (ved Jonsnosi), og opp sjølve brea Blåskavlen. Det var svært greitt terreng å gå opp i frå Trollahaug, med Hornsnipa til høgre for oss. Om lag 6 1/2 km kvar veg fordelt på 614 høgdemeter. Det er heilt fantastisk å kunne køyre bil i 25 minutt, for så å spenne på seg skia, og dette 10. juni. Ein særs snørik vinter hjelper på, men denne fjellovergangen er kalla "Snøvegen" av ei årsak. Tidlegare har eg gått til Blåskavlen 1. juli, utan å ta av >>>

Karte    

Sognefjellet med Gravdalstinden og fleire Smørstabbar

Datum:
31.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
23,5km

Denne turen har vore planlagt i lengre tid. To gonger har Lærdal turlag vore på Gravdalstinden utan at det har passa for meg. Den finaste dagen kom. Ikkje ei sky på himmelen, og med varmt vèr. Vi gikk frå Sognefjellshytta, inn mot Falkeberget, og opp stigninga derifrå. Fin bratt og trygg bakke opp til Smørstabbreen. Ei anna værd openbara seg, med bre og flotte fjelltoppar. Javist, har vore i område før, men ikkje på Smørstabbreen. Bestemte at når det var så fint, så skulle vi ta med dei toppane som var i området. Og slik blei det. Fyrst oppom Søre Smørstabbtind, ved å halde høgt i skrå-feltet mellom dei to skara. Godt spor. Så skli på feller nedatt, og ta fatt på bakken opp til Gravdalstinden. Tinden ser diger, svart, kvit og majestetisk ut. Men merkeleg kjapt er ein >>>

Karte    

Modlaugsbotn og Grånosi (Aurland)

Datum:
30.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
17,6km

Besøk av sonen frå Bergen, ei helg eg og kjærasten hadde planlagt Sognefjellet. Den turen vart dagen etter. Vi heldt att ein dag, og Joakim og eg fekk oss ein fin skitur lokalt i vakkert terreng frå Vardahaug bru. I dag var naturen, det vakre veret, og formidable utsikta som er her, det viktigaste. Som oftast. Fyrst skituren innover dalen og oppover fjella, og så det fantastiske fjordlandskapet vestover, som ein får betalt for når ein når toppen. Skikøyringa nedatt var skrøpeleg med mykje sug, og dårleg gli. Så det vart ein del gange med laus hel på rando-skia nedatt Modlaugsbotn. Fin-fin tur i alle fall. Fly-stripe gps-spor denne gongen, noko som skuldast at telefonen stod på straumsparing.

Karte    

Kongeveg med topp

Datum:
24.05.2020
Entfernung:
4,2km

Fin roleg tur i heimkommunen. Ved å gå Sverrestien til postkassa, og så stien over Klantenovi mot Vindhellavegen, får ein med ein 100 pm. topp med ein avstikkar på berre 200. Billig moro. I dette område er det fleire mogelegheiter til fine joggeruter, m.a. Annastien, Sverrestien, Klantenovi, Vindhellavegen. Vår rute avslutta vi ned dei fantastiske Vindhellasvingane. Flottare tur og vegkultur må ein reise langt for å finne.

Karte    

To frå Torolmen - Fjellskitur i Årdal.

Datum:
23.05.2020
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
14,2km

Ei helg med dårlege vermeldingar i alle retningar. Valde likevel å prøve meg på ein tur laurdag, då det var meldt halvskya, med ein del vind. Det vart fjellskia, sidan dei har vore lite brukt i det siste. Plan var to Vang-toppar, med utgangspunkt frå Torolmen i Årdal. Desse greidde eg, under varierande forhold. Bra futt i vinden fyrste to timane, men stillare i nokre parti. Litt gjennomslag opp til Svartenippa frå aust, og betydeleg nedatt vestssida. Der var plan å gå nedatt ein flanke skrått søraust. Eg slapp meg for langt ned, og fekk eit kvarter lengre tur. Så var det å sikte rett på Sletningsegga, og flanken rett opp. Det gikk greitt, med relativt få gjennomslag. Les ein terrenget og held seg unna steinar, og vurder fargen på snøfelta, så går det så godt som det kan. >>>

Karte    

Skitur i Verdsarvområde i Aurland og Lærdal

Datum:
21.05.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
28,4km

Endeleg. Lenge planlagt tur til to Lærdalstoppar som ligg utanfor allfarveg. Har venta på vêret lenge. Skya, og ikkje optimalt i dag heller, men god nok sikt og meldingar. Det vart eit eventyr av naturopplevingar. Umogeleg å formidle med bilde. Litt flatt lys i dag. Utsikta mot fjordlandskapet, og Frønningan tek nesten pusten frå ein. Kontrastane, proposisjonar, variasjon og avstand. Bleia og Storebotn er landskapsvernområde, og av ei årsak. Dette er ein tur eg vil tilrå som fjellskitur for turlaga. Eg hadde ruteval, teikna inn på førehand, med alternativ. Valde som hovudprioritert. Eitt av alternativa var retur over Grånosa (Aurland). Hadde då fått meir skikøyring nedover. Ville vurdere på retur grunna store snømengder i år. Avgjorde at retur opp skaret mot Grånosi vart >>>

Karte    

Vaset - Grønsennknippa

Datum:
10.05.2020
Entfernung:
9,6km

Helgetur til Vaset. Det blei ski i både langrennsløper, og topptur med Randonee. Søndag køyrde vi Panoramavegen til Reinsenn. Byrja å gå fyrst halv seks om ettermiddag, sidan vêret var meldt bra utpå. Det funka flott. Ein litt skarp motvind innover hindra oss ikkje. Skare med berre litt transportert snøføyk frå natta før, gjorde sikta grei. Heilt skyfritt, og sol i mot heile vegen oppover. Kjempefin enkel tur. Det blæs skarpt på toppen. Men med Marita sin vindsekk for 2, gikk klargjøring for retur knirkefritt. Moro køyring nedatt. Fin tur i eitt for oss nytt område.

Karte