Archive - Date

Collected lists

Favourite peaks

Tyinholmen og 2 x Vang

Date:
12.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
14.2km

Hadde teke på meg ein tur for Lærdal turlag i år. Stikkord Jotunheimen. Laga ei rute som rundtur på grensa til Nasjonalparken. Og med utsikt til nokre av dei flotte toppane i Jotunheimen. I alt 9 personar var med på turen. Dei var godt fornøyde med tur og opplevelse. Både utsikt, lengd og høgdemeter. Ein moderat tur som skulle passe til fleire. God stemning og vi hadde tid til pausar og prat. Temperaturen måtte vere opp mot 25 grader på 1300 meter i dag. Fantastisk ver. Nemnde eg utsikta og opplevelsen ? Store bokstavar. To nye raude toppar i Vang vart ein tilleggsbonus for meg.

Map    

Vetanosi

Date:
09.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.7km

Tur etter jobben med kollega Adrian. God temperatur, sol og nokre skyer. Sommarkjensla på plass. Noko svalende opp i furuskogen frå Fodnes. St. Olavskjelda, Stegen, litt til og det blir svært bratt, Vetanosi rett opp. Og for ei utsikt ned mot Fodnes m.m. Tok med varden denne gongen for meir fin utsikt. Så til høgaste punktet, over mot Storeskar, og ned til stølen Fagerset. Litt bortetter på sti nedatt, og fjordutsikta sler på nytt i mot ein i fulle drag. Nydeleg oppleving og god trim.

Map    

Fullsennknatten

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.4km

Tur fire i dag, og klokka har passert 21. Bonus på den måten at ruta var kort, sola stod lågt, og gav fint lys. Stien var bra, og utsikta av beste slag. Turgjengaren byrja å bli svolten og trøytt. Nydeleg utsikt til toppar i Jotunheimen, og vakre vatnet Fullsenn. Retur til bilen, og køyring mot Gjøvik tok til kl 22:08. Tok sikte på at grusvegen mot søraust tok meg i rett retning. Opplevelse også dette, å køyre Etnedalen mot Dokka. I morgon besøk av dotter på Ø. Toten, og fredag til Heggedal for å møte mitt tredje barnebarn, snart tre månader, for fyrste gong. Plukka også med ynskte son som besøkt søster, for vidare ferd, og heimatt til Sogn.

Map    

Myrebærhammaren

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
11.2km

Tur tre i dag baud på ei overrasking som ikkje var kalkulert inn. Stengt med bom og hengelås ved vegen vidare frå stølen. Open for alminneleg ferdsel frå 25. september, stod det. Greitt at dyra får fred også. Storfe beita inni her. Då bar det 3 km innover på grusveg med slak stigning. Eg fall ikkje for freistinga å gå inn i myrområder for ei kortare rute. Fann spor etter traktorveg/sti der eg tok av inn i terrenget. Då var det å følgje ryggen til skogen slepte taket. Sti vidare til topps. Noko vind her, men flott utsikt. Retur same veg, sjølv og det freista å sikte seg mot grøn nål. Eg går greit ein km ekstra enn å virre i vier og myr. Fin tur, men merka det i kroppen no.

Map    

Synhaugen

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.7km

Tur to baud på ei eventyrlig utsikt undervegs, og frå toppen. Eg fall ikkje for freistinga med å køyre heilt opp til stølen. Frå ruta mi, fekk eg glimt av nydeleg utsikt til stølsvidda og Skaget, frå stien/gamlevegen i skogen. Då også sikt til stølen Synshaug, med fredeleg avslappa sauer, som alt hadde roa seg. Gode beiter. Frå stølen var det ein mykje nytta sti til toppen med varden.

Map    

Luskaråsen

Date:
03.07.2025
Characteristic:
Jogging
Distance:
7.0km

Tur ein av fire i dag. Til denne toppen kan ein køyre bil til hyttefelt, 40 meter i frå. Då blir det ikkje tur. Eg fann ein gamal stølsveg, eller stølsrei, som det stod på skiltet. Det har nok i tider også vore traktorveg. Litt attgrodd fyrste 200 meter, men sidan, tur på flott sti i fin skog, til ein nådde att grusvegen. Mange store maurtuer undervegs. Fin utsikt til Jotunheimens høge tindar, frå toppen.

Map    

Robølshøvda

Date:
28.06.2025
Distance:
1.7km

Skogstur nr. to i dag. Men her var det skilta, og merka sti til topps. Der utsikta var, stod ein varde og skilt Robølshøvda. Så hadde dei umaka seg til å setje opp eit skilt med 240 meter bort til topp-punktet. Nokon tenkjer på oss smårare samlarar. På rette toppen voks ei furu.

Map    

Mehovd

Date:
28.06.2025
Distance:
2.4km

Toppar som denne blir mest for sporten med å samle, sin del. Kort skogs-tur. Spenninga blir om det i det heile er utsikt frå toppen, og kor kronglete det er å komme seg fram i tett terreng. Trim blir det utansett. Fyrst på solid grusa veg eit kort stykkje. Så inn på ganske attgrodd traktorveg. Ei turr rot markerte ein sti like etter at skogsvegen gjorde ein sving til venstre. Så var det lagt nokre steinar oppå kvarandre, der eit skulle ta av mot toppen. Her var det litt trakk, men egentleg berre å gå ganske rett opp. Litt utsikt var det, og ein grei tur.

Map    

Skarvemellin

Date:
28.06.2025
Distance:
4.8km

Skikkeleg morroklomp av ein topp. Lang stigande rygg, og ganske smal rundt topp-punktet. Ikkje vanskeleg på nokon måte. Veldig flott utsikt i alle retningar.

Map    

Rundemellen

Date:
28.06.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
6.1km

Høvde godt å reise austover i dag, sidan det trua med kraftige regnbyger i Sogn. Fyrste av fire turar i Øystre Slidre i dag. Såg for ei tid sidan at eg tilfeldigvis hadde nokre raude nåler i denne kommunen og. Då går det litt sport i det, og det er kjekt å gå i nytt terreng. Andre tur hit denne månaden. Rundemellen er eit ikonisk fjell, på den måten at det er så tydeleg å sjå frå mange stader. Rund stikk den opp som ei såte i det meir lågt liggjande terrengen sør-aust for Jotunheimenn. Ein er tett på Langsua Nasjonalpark. Fin rundtur der eg også tok med Kalvemellen. Ei og anna grøn nål lyt aksepterast.

Map