Vest for Skarvatnet (04.05.2020)
Geschrieben von aarvag (Steinar Aarvåg)
Besteigungen | Bårdsfjellet (1.146m) | 04.05.2020 |
---|---|---|
Gråhåmmåren (1.126m) | 04.05.2020 | |
Kvamman (1.039m) | 04.05.2020 | |
Kvampiggen (1.104m) | 04.05.2020 | |
Nonshøa (1.213m) | 04.05.2020 | |
Nonshøa Nordvest for (1.129m) | 04.05.2020 | |
Svahøa (1.347m) | 04.05.2020 | |
Tjønnpiken (1.220m) | 04.05.2020 | |
Tyrikvamfjellet (1.252m) | 04.05.2020 | |
Vardhøa (999m) | 04.05.2020 |
Ein rundtur som eg i utgangspunktet hadde tenkt å "spare" til sommars. Men med ein sommar som i høgste grad let vente på seg, så vart fristelsen til skitur for stor. Det vart likevel mykje av og på med skia, ettersom dei fleste av dagens besøkte toppar var blåst snaue for snø.
Truleg ikkje den mest spektakulære rundturen ein kan finne i området, men særdeles bra avkastning på lista over smultringar i Trollheimen. Varierande verbruk og vedvarande vind, men gjekk klar av dei verste bygene. Tidvis dårleg sikt og flatt lys gjorde at unnabakkene til tider ikkje gjekk så veldig mykje raskare enn motbakkene, men mot slutten av turen klårna det opp litt, slik at det vart litt skikøyring og.
Benutzerkommentare