Vest for Skarvatnet (04.05.2020)

Geschrieben von aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Tourlänge 5h 44min
Entfernung 29,4km
Höhenmeter 1.873m
GPS
Besteigungen Bårdsfjellet (1.146m) 04.05.2020
Gråhåmmåren (1.126m) 04.05.2020
Kvamman (1.039m) 04.05.2020
Kvampiggen (1.104m) 04.05.2020
Nonshøa (1.213m) 04.05.2020
Nonshøa Nordvest for (1.129m) 04.05.2020
Svahøa (1.347m) 04.05.2020
Tjønnpiken (1.220m) 04.05.2020
Tyrikvamfjellet (1.252m) 04.05.2020
Vardhøa (999m) 04.05.2020

Ein rundtur som eg i utgangspunktet hadde tenkt å "spare" til sommars. Men med ein sommar som i høgste grad let vente på seg, så vart fristelsen til skitur for stor. Det vart likevel mykje av og på med skia, ettersom dei fleste av dagens besøkte toppar var blåst snaue for snø.

Truleg ikkje den mest spektakulære rundturen ein kan finne i området, men særdeles bra avkastning på lista over smultringar i Trollheimen. Varierande verbruk og vedvarande vind, men gjekk klar av dei verste bygene. Tidvis dårleg sikt og flatt lys gjorde at unnabakkene til tider ikkje gjekk så veldig mykje raskare enn motbakkene, men mot slutten av turen klårna det opp litt, slik at det vart litt skikøyring og.

No når ein har berga så god for coronavirus, så skulle det vore bra likt seg om ein hadde avgått i ei sprengingsulykke i høgfjellet. Enten er hørselen dårleg, eller så er Dynamitt-Harry også blant landets mange permitterte.

Frå Gråhåmmåren mot eit temmeleg stort skred på søraustsida av Svahøa. Hadde på førehand gjort nok research til å velje ei anna rute ned herifrå, til tross for at søraustsida såg veldig fin ut da ein stod på toppen...

Bygever og vind, men Gjevilvassdalen tek seg godt ut uansett
Bygever og vind, men Gjevilvassdalen tek seg godt ut uansett
Solgløtt og fin mai-nysnø ned frå dagens siste topp. Adskillig lettare å sleppe på litt når taklampa er påskrudd og ein ser kva som finst av hindringar i vegbanen.
Solgløtt og fin mai-nysnø ned frå dagens siste topp. Adskillig lettare å sleppe på litt når taklampa er påskrudd og ein ser kva som finst av hindringar i vegbanen.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.