Runde om Marsteinhøgda, Buatinden og Klanten + Hundfethøa (03.11.2019)

Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Tourlänge 3h 46min
Entfernung 13,0km
Höhenmeter 628m
GPS
Besteigungen Marsteinhøgda (1.400m) 03.11.2019 13:31
Buatinden (1.381m) 03.11.2019 14:05
Klanten (1.294m) 03.11.2019 15:04
Hundfethøa (1.210m) 03.11.2019 16:30
Kaldfjorden frå Hundfethøa
Kaldfjorden frå Hundfethøa
Turen på Hundfethøa. 26 min - 1,1km - 120hm
Turen på Hundfethøa. 26 min - 1,1km - 120hm

Vi køyrde inn Jotunheimen til Øyvassosen, det var lenger å køyre enn vi hadde rekna med. Flott vêr da vi gjekk i vegen over demningen. Vi følgde råket mot Storeskag/Plankebue, men vi tok av på eit anna råk ganske tidleg, sannsynlegvis gjekk det råket til Skriurusten. Vi tok av frå det råket like nedunder 1100moh, derifrå gjekk vi i litt lett kratt ei stund, før det var betre terreng litt før 1180moh.

Derifrå var det fint opp til toppen på Marsteinhøgda, og over til Buatinden. Det var fint også ned til myra i mellom Buatinden og Klanten, men oppover til Klanten var det mykje kratt. Det vart litt betre 80 høgdemeter før toppen. Attende mot Øyvassosen var det lengje fint å gå, men det siste stykke før råket var det ein del kratt.

Alt i alt vart det ein skikkeleg flott tur i eit strålande fint haustvêr.

På veg attende stoppa vi ved nordenden av Hundfettjønna, for å gå på Hundfethøa. Det byrja å mørkne før vi gjekk oppover. Sida oppover var ganske bratt, men fin å gå. Fantastisk lys mot vest da vi kom opp på toppen, og flott rundskue.

Nede i bilen igjen viste gradestokken i bilen 13 kuldegrader. To flotte turar vart det.

Marsteinhøgda og Buatinden
Marsteinhøgda og Buatinden
Skaget og Klanten
Skaget og Klanten
På veg til Marsteinhøgda
På veg til Marsteinhøgda
På veg til Marsteinhøgda, mot Buatinden
På veg til Marsteinhøgda, mot Buatinden
Marsteinhøgda
Marsteinhøgda
Frå Marsteinhøgda mot Glittertinden og Nautgardstinden
Frå Marsteinhøgda mot Glittertinden og Nautgardstinden
Kristine på Marsteinhøgda
Kristine på Marsteinhøgda
Attende mot Marsteinhøgda
Attende mot Marsteinhøgda
Bekk mellom Marsteinhøgda og Buatinden
Bekk mellom Marsteinhøgda og Buatinden
Kristine beundrar Skaget frå Buatinden
Kristine beundrar Skaget frå Buatinden
Strålande sol på Buatinden
Strålande sol på Buatinden
Klanten
Klanten
Attende mot Buatinden
Attende mot Buatinden
Buatinden frå Klanten
Buatinden frå Klanten
Skaget frå Klanten
Skaget frå Klanten
Hundfettjønnet og Skaget
Hundfettjønnet og Skaget
Hundfettjønnet og Hundfethøa
Hundfettjønnet og Hundfethøa
Hundfethøa
Hundfethøa
Langsuane og Marsteinhøgda frå Hundfethøa
Langsuane og Marsteinhøgda frå Hundfethøa
Skaget frå Hundfethøa
Skaget frå Hundfethøa
Kaldfjorden/Øyvatnet frå Hundfethøa
Kaldfjorden/Øyvatnet frå Hundfethøa

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.