Runde om Marsteinhøgda, Buatinden og Klanten + Hundfethøa (03.11.2019)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Marsteinhøgda (1400moh) | 03.11.2019 13:31 |
---|---|---|
Buatinden (1381moh) | 03.11.2019 14:05 | |
Klanten (1294moh) | 03.11.2019 15:04 | |
Hundfethøa (1210moh) | 03.11.2019 16:30 |
Vi køyrde inn Jotunheimen til Øyvassosen, det var lenger å køyre enn vi hadde rekna med. Flott vêr da vi gjekk i vegen over demningen. Vi følgde råket mot Storeskag/Plankebue, men vi tok av på eit anna råk ganske tidleg, sannsynlegvis gjekk det råket til Skriurusten. Vi tok av frå det råket like nedunder 1100moh, derifrå gjekk vi i litt lett kratt ei stund, før det var betre terreng litt før 1180moh.
Derifrå var det fint opp til toppen på Marsteinhøgda, og over til Buatinden. Det var fint også ned til myra i mellom Buatinden og Klanten, men oppover til Klanten var det mykje kratt. Det vart litt betre 80 høgdemeter før toppen. Attende mot Øyvassosen var det lengje fint å gå, men det siste stykke før råket var det ein del kratt.
Alt i alt vart det ein skikkeleg flott tur i eit strålande fint haustvêr.
På veg attende stoppa vi ved nordenden av Hundfettjønna, for å gå på Hundfethøa. Det byrja å mørkne før vi gjekk oppover. Sida oppover var ganske bratt, men fin å gå. Fantastisk lys mot vest da vi kom opp på toppen, og flott rundskue.
Nede i bilen igjen viste gradestokken i bilen 13 kuldegrader. To flotte turar vart det.
Kommentarer