Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (1)
- Expedition (1)
- Fahrradtour (6)
- Fußtour (87)
-
Skitour (49)
- Randonnée/Telemark (37)
- Tourenskilauf (12)
Lett vralting til nærmaste fjelltopp
- Datum:
- 07.09.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 3,8km
Militærmasj til Slettafjellet
- Datum:
- 18.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,5km
Det var nesten berre AG-en som mangla for at denne fjellturen vart ein "full-blown" militærmarsj. For med beremeis og jentunge, inkludert vatn, mat, klede og sparkesykkel, på ryggen kjentes det nokre gongar som at beina skulle knekke i hop. Men for all del, ho var til tider svært innstilt på å gå sjølv, og då spesielt i dei mest utsette partia, dvs. stien frå stølen Sletten til toppen. Akkurat denne delen av turen er ikkje akkurat tilrettelagt for ungar - eller toskar med beremeis.
Sparkesykkel i sekken seier du? Jau, planen - og rosinen i pølsa får ein seie - var at ho skulle få sparke ned att heile den gruslagte anleggsvegen. Tanken var god, men resten var fiasko. Etter to gode "tryn over styret" (små hjul over spesse steinar - nei, kven skulle tru!) vart >>>
Føremiddagstur til Hest (forstå meg rett)
- Datum:
- 10.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:45h
- Entfernung:
- 6,7km
Ein av "ørten" Hest`ar å bestige i Sogn inkluderer (primærtoppen) Hest på Nessane. Det er ei dugeleg kjempe frå fjorden å betrakte, så mykje kunne tyde på at dette og ville bety eit dugeleg slit. Slik er det likevel ikkje dersom ein velgjer ruta frå Nessadalen, og tek fjellet frå nordsida.
Vi køyrde nesten heilt fram til Dalheim, der vi tok til høgre opp ein bomveg som grunneigarane kravde 30 kr for å passere. Der vart eg ein femtilapp fattigare (ingen vekslepeng på ein femtilapp), og ei erfaring rikare: Vipps har ikkje nådd folk i Nessadalen.
Eit stykke oppover grusvegen kom vi fram til ein fin liten parkeringsplass der vi satte bilen. Vi passerte ei lita brua over elva Breidstøla og gjekk vidare på merka - men nokså attgrodd sti - gjennom spreidd bjørkeskog. Dette >>>
Rask kveldstur
- Datum:
- 09.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 3,0km
Eg vender stadig tilbake til Bruhjellstølen, evt. stien på veg opp dit. Ikkje fordi det er verdas mest spektakulære fjelltur, men fordi han - i tillegg til å liggje rett ved barndomsheimen - gir relativt mykje for pengane. Med andre ord: orkar du å slite og svette ein liten time får du betalt i uforgløymeleg utsikt (og sjølvsagt ein kvalifisert registrering i peakboki`).
Om å gjere å skaffe seg ein ny primærtopp!
- Datum:
- 04.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 11,3km
Nord for Torsdagsnakken (etter kartet å lese). Ja, kva er eigentleg det for eit fjell?
Det enkle svaret er at det er ein primærtopp som bidreg til å komplementere Sogndal-lista, og som difor er umåteleg meir viktig å bestige enn den langt meir kjende Tverrdalstind nokre steinkast (enda) lenger nord. Vel, no overdriv eg litt. Planen var uansett å nå Tverrdalstind og svingje innom Nord for Torsdagsnakken undervegs, men det målet skrota eg fort. Det var tross alt nok å gjere i huset før jobb- og barnehagestarten neste dag.
Val av veg kunne vore gjort om att. Det beste er nok å følgje stien på venstre sida av elva på veg oppover Tverrdalen, og krysse denne eit stykke før ein kjem opp til vatnet. Då slepp ein å forsere røysa på motsett side og utsetje seg for steinras og anna drit.
Topptur til Sandhaugen og bading ved Raudfjordsanden
- Datum:
- 02.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,7km
Den siste dagen på Beitostølen skulle inkludere to ting for familien - turen skulle ikkje vere for lang og det skulle badast! Samtidig var det litt viktig for pappaen at han kunne registrere ein ny primærtopp i "boki". Skikkeleg pose og sekk altså.
Dette løyste vi ved følgje den fine, og nokså flate, stien frå Bitihorn-parkeringa og over elva Skjerva (frå Skjervebottkjernet). Der tok jentungen og kona ein rast med nydeleg utsikt mot Raudfjorden, medan karane tok turen vidare til Sandhaugen. Når dette var gjort gjekk vi ned til Raudsanden og plumpa i vatnet - til og med hunden! Jaggu kaldt, men forfriskande.
Alt i alt ein velukka dag!
Toppen av Sandhaugen med Bitihorn i bakgrunnen.
Ei særdeles nøgd - og litt kald - jente!
Gravolskampen med jentungen
- Datum:
- 01.08.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 7,4km
Neste tur ut på Beitostølen var Gravolskampen. Dette er ein fin familietur i slakt terreng som gir god utsikt mot Vardresflya og omegn.
No hadde veret letta og stien var difor godt befolka. Det var god parkering nede ved hovudvegen, og noko stigning før det meste vert flatt (men noko kupert) innover fjellet. Kona var ikkje i slaget, og måtte ta ein lengre rast medan vi andre (3- åring og hund) gjekk siste delen av stykket til toppen.
Jaggu meg utsikt ja.
Halvvegs (toppen)
Oss tre slitarane.
Springetur over Gråkallen+
- Datum:
- 25.07.2019
- Tourcharakter:
- Jogging
Kjapp springetur over Gråkallen og systertopp. Ikkje særleg mykje å føre i loggen, men topp er topp, og då kvalifiserer det jaggu meg som registrert tur.
Det sagnomsuste Vassfjellet, inkl. sekundærtoppar
- Datum:
- 23.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 14,9km
Etter litt for mykje stillesitjing i sommarvarmen hjå svigerforeldra i Trondheim slo eg an ei unnskuldning om at hunden måtte få seg ein dugeleg tur til det høgste byfjellet. Trondheim har ikkje alt for mykje å skryte av, men Vassfjellet peikte seg fort ut som eit dugeleg trask.
Etter å ha ytra nokre saftige forbannelsar over bil-gps’en fant eg til slutt ein god parkeringsplass nokre kilometer frå Melhus sentrum. Her følgde eg først asfalt- og grusveg inn mellom bustader fram til merka sti. Stort sett lett.
Nokre bekkar og elvefar her og der.
Forsering av myr og gjørme hadde trønderane løyst med «plankevegar».
Etterpå gjekk stien inn på ein anleggsvei som eg følgde til topps. God utsikt.
Returen vart ei anna historie. Ettersom eg hadde bestemt meg for å ta nokre sekundærtoppar >>>
Trasketur til Kalvågs «tak»
- Datum:
- 16.07.2019
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,9km
Familieutflukten til Kalvåg inkluderte sjølvsagt ein tur til den høgste fjelltoppen på staden. Skjønt «topp» var kanskje å ta litt hardt i. Stakkars pappa Arnold som plutseleg hadde fått vondt i foten måtte vere att. Synd for han.
Eg og broremann gjekk opp frå sentrum, og i enden av eit byggefelt kom vi inn på ein grusveg som deretter gjekk over i sti. Derfrå var det ca ein time til toppen på fin sti i ulendt terreng. Utsikten var bra!