Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Jaga av tiuren på Kaupanger

Date:
23.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.0km

Ein fin vår-runde på Kaupanger med pannekakesteiking i sola. På veg ned att rant vi på ein illsint tiur som sperra vegen. Det var ikkje snakk om at han ville flytte seg, sjølv etter rop og hyling og vifting med stokkar og ukvemsord. Vi gjekk av vegen og gjekk på oversida, men då han kom flaksande etter oss som gal når vi var komne ned att på vegen lenger framme. Jentungen vart livredd "høna" (som ho kalde han), så vi tok beina fatt og kom sjølvsagt på avvege i alt tumulta. Så vart turen litt lenger enn planlagt.

Map     2 comments

Hauståkernakken med Håvard og co.

Date:
10.05.2020
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:15h
Distance:
6.0km

Fin liten trasketur til ein utsiktsstad på Kaupanger det er umogleg å hugse namnet på. Men jammen fant eg det i boka. Strålande utsikt til bleia.

Map    

Bruhjellstølen

Date:
01.12.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
5.5km
Map    

Hølsete

Date:
12.10.2019
Characteristic:
Hike
Distance:
5.0km

Kjappis til Hølsete med hunden. Bilen ved Åberge. Trolsk hauststemning ved stølen.

Map    

Sundagstur til Kalbakk

Date:
06.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.0km

Rask tur med hund og broremann til Kalbakk-stølen i jævleg bra ver. Jammen er vi heldige som har bein å gå på i detta landet!

Map    

Mugnetinden - endeleg!

Date:
04.10.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.7km

Den årlege kara-turen med Jon K. og Arve måtte naturlegvis falle på same helga som mormor sin 90-årsdag. Det betydde at eg kun fekk 1 tur med gutan`denne gongen, på fredagen. Vi hadde fundert litt på om vi skulle prøve oss på Høgdebrotet, men slo det fort frå oss då vi såg kva tilstand fjellet var i. Så då vart det Mugnetinden i staden - det fjerde forsøket for min del på denne toppen. Klår til avreise. Så bar det oppover på snødekt mark/sti. Det var jammen godt eg hadde med gamasjar. Toppen nådd, og alle er nøgde. Klårt og fint lyst på toppen, sjølv om det var lite utsikt å sjå mellom skodda. Eit sjeldent augeblunk der Arve faktisk erkjenner å ha teke feil i ein diskusjon på veg nedover. Synd eg ikkje hugsar kva det gjaldt. vegen ned att.

Map    

Amlaholten, som vanleg

Date:
28.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h
Distance:
5.0km

Jenta gjekk frå start til botn og guida attpåtil opp verste røklet. Litt sliten på slutten sjølvsagt, men dette var ikkje verst!

Map    

Over fire kommunetoppar i råten snø

Date:
21.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
26.5km

Tradisjonen tru starta det sjølvsagt med ein diskusjon, og deretter ein krangel. Arnold var som vanleg skeptisk til snøforholda i fjellet - og med rette denne gongen skulle det vise seg. Problemet var uansett timinga. Å hevde at vi no skulle sjå på ei alternativ rute, lengje etter at turplanen var HOGD I STEIN, var ikkje mindre enn HELLIGBRØDE! Forslaget hans vart difor raskt, og bryskt, avvist av underteikna. I den same steinen stod det og at avreisetidspunktet skulle vere 08.45. Krangelen starta då Eirik, lett tilbakelent i stolen med ein god kopp kaffi i neven, melde at han nok ville verte 10 minutt forseinka som følgje av at "badet var oppteke". Årsaka var elendig planlegging, med andre ord. Stemninga vart heller ikkje betre av at vår kjære sjåfør - og mor - kom vasande >>>

Map     2 comments

Fjelltur etter stoppeklokka

Date:
08.09.2019
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.1km

Kona måtte til Oslo med flyet om kvelden, og difor vart ikkje dette meir enn stressmarsj frå A til Å. Etter eit lite feilskjær før brua nede ved Anestølen, starta eg å følge stien oppover dalen. Stien forsvant fort i lyngen. Så då vart det nye feilskjær først mellom busk og bregner, og deretter over våtaste myra. Resultatet vart sprengde lunger før eg nådde Tverråni. Ein liten pause der eg naut utsikta, og inntok energi var heilt nødvendig. Det førde likevel til at eg var bak skjema. Og det skulle snart vise seg umuleg å innhente den tapte tida. Frudalsbreen Og slik fortsatte det oppover fjellet. Konstant bak skjemaet. Eg nådde ikkje eingong Sogndalseggi før eg fant ut at det var best å snu. For no var eg komen til eit punkt det verken var fint eller kjekt lenger. Det var >>>

Map    

Frå Åberge til Bjedlastølen

Date:
07.09.2019
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h
Distance:
3.8km
Map