Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Fußtour (23)
- Bergtour (7)
- Hochtour (1)
- Jogging (3)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (11)
- Klettern (1)
-
Skitour (3)
- Tourenskilauf (3)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Bjørlykkjehornet, Sande(Vanylven)
- Datum:
- 27.07.2017
- Entfernung:
- 7,2km
Etter Hornindalsrokken i går unna me oss natt på hotell i Eid og god frukost. Dernest gjekk turen til Vanylven kor "Kommunetoppanes far" (og snart ekte far), Frode, hadde lova gaida tur til gamle kommunetoppen i Sande. Me køyrde opp bomvegen, fekk sjå hytta til Frode og co. og parkerte på platået der ny grusveg no er laga vidare sørover. Starten var i sol nordover mot og over Heida før me svinga austover opp til bratta før Bjørlykkehornet. Utsikten var god nord og aust mot havgapet og fjordarmane og oppdrettsanlegg. Etter kvert kom me opp etter ein god time og fekk sett på gildet før skodda kom saman med regnet. Ein treng ikkje høgare for å sjå langt. Ned at prøvde eg meg på rett på vegvalet over myrane, mens dei andre gjekk rundt. Det gjekk 5 minutt fortare med meg >>>
Hornindalsrokken, Hornindal
- Datum:
- 26.07.2017
- Entfernung:
- 13,2km
Etter storflaum i Utvik natt til 24. juli, var det gravemaskinar og forsikringsfolk som stod for innsatsen og i litt frustrasjon for me til slutt til fjells.
Me fekk med oss KH og PK og køyre til Hornindal og parkeringsplassen ved hovudvegen. Så var det å flytte alt over i ein bil og køyre usle 1 km framover på bomveg, litt unødig.
Parkerte her, såvidt plass, og rusla oppover til setra og vidare innover. Ein lokal bonde meinte det var fare for steinsprang inn dalen, men vegetasjon og alder tyda ikkje på dette. Solskinn og fin og smalen koste seg innover dalen med oss. Dårlege vitsar satt lausare og lausare.
Me brukte ein god time til foten av bratta og oppe i lia møtte me på ein kar med cerebral parese på veg ned. Dei hadde telta ved foten og gått opp på morgonkvisten. Respekt.
Me >>>
Blåskavlen, Aurland
- Datum:
- 12.07.2017
- Entfernung:
- 10,6km
På veg heim frå kundeoppdrag i Sunndal var planen ein topp i Rondane, men dårlig ver her leda ein vestover. Overnatta ved Ryfoss og køyre 2 timar via Lærdal opp Aurlandsfjellet før stopp nord for Hornsvatnet, lett å finne parkering.
Var planen å springe via Høgåsen P-plass for lenger og finare tur, men veret skulle verte dårligare, og eg byrja å renne tom for tid så vart kjappaste trasé (dette er i eplehage, så kjem attende her).
Var også planen å springe heile ruta, men turen til LitjKalkinn 2 dagar før hadde forsura lår og leggar noko kraftig så vart dels labbing i bratta i starten før ein kunne jobbe på bortover breen (ingen sprekkar, ingen fareteikn).
Var tåke i øvste del så måtte bruke kompasset ein del på slutten for å trygge inngang. Kom opp etter 1t 13min i >>>
Litlkalkinn, Sunndal
- Datum:
- 10.07.2017
- Tourcharakter:
- Jogging
- Entfernung:
- 10,0km
Storfjellet, Røst
- Datum:
- 28.06.2017
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 2,3km
Etter å ha lest andres "ekspedisjonar" til Storfjellet var ambisjonane ein rolig sjark med ein kaptein full av røvarhistorier på ein solskinnsdag. Det fann vi med Finn og den raude og kvite skuta hans. Prisen var gått opp til 600,- og saman med 3 fugletittarar(Jeff frå UK + par frå Sørlandet) satt vi turen sørover.
Ein nydelig dag med stille vatn og topp utsikt. M var halvsjuk, men var mykje andre ting å fokusere på: Hole i Stornykken med historietime frå Finn, masse skarv, lomvi, alke og Ørn og fager natur. Eg andre på val av linse, no skulle safarilinsa vore med i sekken...
Finn slapp oss av ved Austdalsbukta, planen var å lage rundttur, men vi fekk anbefaling om dalen vest for Austdalen så valte å følgje instruksane. Gjekk på eit ihelspist lam (ørn) i den bratte >>>
Nordlandsnupen, Værøy
- Datum:
- 26.06.2017
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 6,9km
Me kom frå bryllaup på magiske Kjerringøy med ferga 1645 frå Bodø via Røst til Kjerringøy. Var litt forsinka grunna festival på Røst, men det gjer ingen ting om sommaren i nord. Vind derimot gjorde teltlivet tøft. Vi fekk skyss nær der 500fjell hadde satt opp sitt telt og tenkte gje plassen ein sjangse. Det blåste frå alle retningar då vinden slo i fjella her oppe (og overalt på Værøy), men
vi la "stein på stein" og vona det skulle halde.
Det gjorde det 1. natt og me tusla av garde til Breivika med flott sandstrand rundt tærne. Fint her nede tross vinden, men rundt Nordlandsnupen var det grått og tung utan sikt. Me gjekk opp i skaret frå bua der stien (det skal vere to) startar og kom greitt opp og vidare langs eggen der vi vart omhylla i tåke. På punkt 432 vart >>>
Elbrus West
- Datum:
- 26.05.2017
- Tourlänge:
- 8:20h
- Entfernung:
- 7,7km
18.05 Fly Bergen - Oslo - Moskva - Mineralnye Vody
19.05 Transport Mineralnye Vody - Cheget (Laguna hotell). Selskap Kavkazskitur.com, billig og proft. Absolutt å anbefale inkl. engelsktalande gaid. Joggetur til Asuz (heis)
20.05 Aklimatiseringstur frå 3000 - 3900 (øvste heisen, ny) med Vladimir. Ikkje løyve til å klatre i Cheget - området.
21.05 Aklimatiseringstur frå 3000 - 4150 (Priut 11) med Vladimir
22.05 Flytte frå Cheget til Garabashy (tønner på ca. 3750 ). Aklimatiseringstur frå 3500 - 4350 (halvvegs opp moreneryggen) med Vlad+Australsk par(Holly & Tim), siste del med 8 slovenarar + Johnny (gaid).
23.05 Aklimatiseringstur frå 3750 - 4150 (dårleg ver)
24.05 Aklimatiseringstur frå 3750 - 4730 (delivs dårleg ver). Viktig dag.
25.05. Kviledag. Fotografering. Fiksing av helløftar. >>>
Midthaugen, Nesseby
- Datum:
- 29.04.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 31,1km
Takka god omtale frå fleire fann eg nok info til å ta denne turen då Gamvik sin 5 mils - rysar var litt meir enn eg var klar for i dag. Køyre frå Tana Bru og brukte app'en til Peakbook til å finne den snødekka grusvegen der turen starta. Fann parkering i ei lita lomme ved eit gult hus 100 meter lenger nordaust.
Kjapt etter start kom 2 ørnar flagrande rett over hovudet og vurderte det potensielle bytte. Dei vurderte at eg ikkje var feit nok så vi slapp eit basketak... Fulgte eit skuterspor litt inn, la på langfeller rett opp i høgda og kleisa på kortfeller for reisa bortover. Smørning hadde nok definitivt vore best her fartsmessig, men oss vestlendingar er glad i desse selskinna under beina med robust balanse og alltid feste.
Tok eint halv time pause i eit bratt bekkeskar og eit par >>>
Rasttegaisa, Tana og Lebbesby
- Datum:
- 28.04.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 24,6km
Etter eit statusmøte i Karasjok satt eg kursen mot Levajok. Ein liten time med høg fart på nøgne Finnmarksvegar. Snøen var fin, dagen lokka med rundt 0 grader som seig nedover nærmare topp inkludert ein del vind.
Bra val å klaske på med kortfeller i starten då bakkane er slake heilt inn til foten av sjølve fjellet. Eg holdt bra tempo, men tok ein god stopp ved foten og la på langfeller og fyrte innpå siste stykke av Scandic sin utsøkte pecanpai. Planen var eit mellomval mellom rundt som 500fjell og rett på som Joso, men varsom.no, retning på "rett-på" (austvendt) og vurdering av snø og temp. undervegs gjorde at eg valte rett opp, ingen skavlar der eller noko fareteikn. Ei heller folk og dyr, men eg høyrde lyden av rype, trur eg. Ein vert lett forvirra med pelshue >>>


