Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
Favoritturer
Favorittopper
Litlkalkinn, Sunndal
- Dato:
- 10.07.2017
- Turtype:
- Løpetur
- Distanse:
- 10,0km
Storfjellet, Røst
- Dato:
- 28.06.2017
- Turtype:
- Fottur
- Distanse:
- 2,3km
Etter å ha lest andres "ekspedisjonar" til Storfjellet var ambisjonane ein rolig sjark med ein kaptein full av røvarhistorier på ein solskinnsdag. Det fann vi med Finn og den raude og kvite skuta hans. Prisen var gått opp til 600,- og saman med 3 fugletittarar(Jeff frå UK + par frå Sørlandet) satt vi turen sørover.
Ein nydelig dag med stille vatn og topp utsikt. M var halvsjuk, men var mykje andre ting å fokusere på: Hole i Stornykken med historietime frå Finn, masse skarv, lomvi, alke og Ørn og fager natur. Eg andre på val av linse, no skulle safarilinsa vore med i sekken...
Finn slapp oss av ved Austdalsbukta, planen var å lage rundttur, men vi fekk anbefaling om dalen vest for Austdalen så valte å følgje instruksane. Gjekk på eit ihelspist lam (ørn) i den bratte >>>
Nordlandsnupen, Værøy
- Dato:
- 26.06.2017
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 6,9km
Me kom frå bryllaup på magiske Kjerringøy med ferga 1645 frå Bodø via Røst til Kjerringøy. Var litt forsinka grunna festival på Røst, men det gjer ingen ting om sommaren i nord. Vind derimot gjorde teltlivet tøft. Vi fekk skyss nær der 500fjell hadde satt opp sitt telt og tenkte gje plassen ein sjangse. Det blåste frå alle retningar då vinden slo i fjella her oppe (og overalt på Værøy), men
vi la "stein på stein" og vona det skulle halde.
Det gjorde det 1. natt og me tusla av garde til Breivika med flott sandstrand rundt tærne. Fint her nede tross vinden, men rundt Nordlandsnupen var det grått og tung utan sikt. Me gjekk opp i skaret frå bua der stien (det skal vere to) startar og kom greitt opp og vidare langs eggen der vi vart omhylla i tåke. På punkt 432 vart >>>
Elbrus West
- Dato:
- 26.05.2017
- Turlengde:
- 8:20t
- Distanse:
- 7,7km
18.05 Fly Bergen - Oslo - Moskva - Mineralnye Vody
19.05 Transport Mineralnye Vody - Cheget (Laguna hotell). Selskap Kavkazskitur.com, billig og proft. Absolutt å anbefale inkl. engelsktalande gaid. Joggetur til Asuz (heis)
20.05 Aklimatiseringstur frå 3000 - 3900 (øvste heisen, ny) med Vladimir. Ikkje løyve til å klatre i Cheget - området.
21.05 Aklimatiseringstur frå 3000 - 4150 (Priut 11) med Vladimir
22.05 Flytte frå Cheget til Garabashy (tønner på ca. 3750 ). Aklimatiseringstur frå 3500 - 4350 (halvvegs opp moreneryggen) med Vlad+Australsk par(Holly & Tim), siste del med 8 slovenarar + Johnny (gaid).
23.05 Aklimatiseringstur frå 3750 - 4150 (dårleg ver)
24.05 Aklimatiseringstur frå 3750 - 4730 (delivs dårleg ver). Viktig dag.
25.05. Kviledag. Fotografering. Fiksing av helløftar. >>>
Midthaugen, Nesseby
- Dato:
- 29.04.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 31,1km
Takka god omtale frå fleire fann eg nok info til å ta denne turen då Gamvik sin 5 mils - rysar var litt meir enn eg var klar for i dag. Køyre frå Tana Bru og brukte app'en til Peakbook til å finne den snødekka grusvegen der turen starta. Fann parkering i ei lita lomme ved eit gult hus 100 meter lenger nordaust.
Kjapt etter start kom 2 ørnar flagrande rett over hovudet og vurderte det potensielle bytte. Dei vurderte at eg ikkje var feit nok så vi slapp eit basketak... Fulgte eit skuterspor litt inn, la på langfeller rett opp i høgda og kleisa på kortfeller for reisa bortover. Smørning hadde nok definitivt vore best her fartsmessig, men oss vestlendingar er glad i desse selskinna under beina med robust balanse og alltid feste.
Tok eint halv time pause i eit bratt bekkeskar og eit par >>>
Rasttegaisa, Tana og Lebbesby
- Dato:
- 28.04.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 24,6km
Etter eit statusmøte i Karasjok satt eg kursen mot Levajok. Ein liten time med høg fart på nøgne Finnmarksvegar. Snøen var fin, dagen lokka med rundt 0 grader som seig nedover nærmare topp inkludert ein del vind.
Bra val å klaske på med kortfeller i starten då bakkane er slake heilt inn til foten av sjølve fjellet. Eg holdt bra tempo, men tok ein god stopp ved foten og la på langfeller og fyrte innpå siste stykke av Scandic sin utsøkte pecanpai. Planen var eit mellomval mellom rundt som 500fjell og rett på som Joso, men varsom.no, retning på "rett-på" (austvendt) og vurdering av snø og temp. undervegs gjorde at eg valte rett opp, ingen skavlar der eller noko fareteikn. Ei heller folk og dyr, men eg høyrde lyden av rype, trur eg. Ein vert lett forvirra med pelshue >>>
Vorfjellet, Luster
- Dato:
- 09.04.2017
- Distanse:
- 3,5km
Pål, Kristin, Mari
Påskeslush, knennebrødføre på toppen
Flott tur, fin helning. Ingen folk.